Pástra

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Pástra (gresk Πάστρα) er eit fjell på grensa mellom periferieiningane Attikí og Viotía. Det er ein del av fjellkjeda Kitherónas og den høgaste toppen heiter Koúrteza (Κούρτεζα) eller Tsoúka (Τσούκα) og er på 1 025 moh.

Kjappe fakta Land, Område ...

Av planteliv på fjellet finn ein kratt, steineik, nåletre og jordbærtre. Av dyr finn ein mellom anna harar, revar, svarttrost og raud rapphøne.

Remove ads

Historie

Det låg fleire busetnadar rundt Pasta i antikken, som Oinoi (Οινόη), Eleftherai (Ελευθεραί), Erythrai (Ερυθραί) og Ysiai (Υσιαί). Fleire festningsverk vart bygd i fjellsida frå rundt 400 fvt. til moderne tider.

I desember 1997 styrta eit fly på Pastra då det skulle lande på flybasen i Tanágra.

Religiøse bygg

På Pastra ligg klosteret Profítis Ilías (Προφήτης Ηλίας) og kyrkjene Ájos Dimítrios (Άγιος Δημήτριος), Ájos Athanásios, (Άγιος Αθανάσιος), Ajía Marína (Αγία Μαρίνα), Ajía Triáda (Αγία Τριάδα) og Ájos Jeórjos (Άγιος Γεώργιος).

Kjelde

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads