Påskelam

From Wikipedia, the free encyclopedia

Påskelam
Remove ads

Påskelam viser til lam ete til påske, ein skikk som er vanleg både i kristendommen og opphavet til skikken, jødedommen. I markeringa av pesah eller jødisk påske har lammet ein sentral plass i markeringa av utgangen frå Egypt. Kristen tradisjon følgjer den jødiske i og med at den siste nattverden kanskje var eit peashmåltid, men lam har også ei særskild tyding i og med at Jesus blir kalla «Guds lam». I tillegg er lam ein tradisjonell vårrett.

Thumb
Påskelam måla av Niko Pirosmani i 1905.

Ved det jødiske sedermåltidet blir det ofte lagt eit steikt lammebein på sederfatet, til minne om pesah-offeret ein utførte ved Tempelet i Jerusalem.

Thumb
Greske soldatar steiker lam på spyd (1958).

Ved påskemåltid i den kristne verda kan ein servera heilsteikt lam, lammesteik, lammesuppe eller andre retter, som den rumenske drob de miel, ein haggisliknande rett.[1]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads