Pain Is So Close to Pleasure
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Pain Is So Close to Pleasure» er ein song av Queen, gjeven ut på singel berre i Canada, Tyskland, Nederland og USA som den andre singelen frå albumet A Kind of Magic i 1986.
Songen byrja som eit riff av Brian May. John Deacon og Freddie Mercury gjorde så dette om til ein song, der Deacon spelar rytmegitar. Singelen nådde 43. plassen på den nederlandske singellista. Tittelen finst òg som ei linje i «One Year of Love». Som dei fleste songane til Mercury, vert det nytta markant klaverinstrument og som dei fleste Deacon-songanr har han ei markant basslinje. Det er òg ein av dei få songane der Mercury syng all vokalen i falsett.
Versjonen som finst på singelen er ein remix, der det meste av akkompagnementet er omarrangert. 12"-singelen inneheld ein lengre versjon av denne miksen.
Remove ads
Lister
Medverkande
- Freddie Mercury - solo- og korvokal, synthesiser, sampler, piano
- Brian May - elektrisk gitar
- Roger Taylor - trommer
- John Deacon - bassgitar, rytmegitar, trommeprogrammering, synthesiser, sampler
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Pain Is So Close to Pleasure» frå Wikipedia på engelsk, den 24. juli 2016.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads