A Kind of Magic

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads
Remove ads

A Kind of Magic er det 12. studioalbumet til det britiske rockebandet Queen, gjeve ut i 1986. Det var det første studioalbumet deira som vart spelt inn digitalt, og er basert på filmmusikken til filmen Highlander, den første i ein serie regissert av Russell Mulcahy.

Meir informasjon Queen-kronologi, Singlar frå ...

Sjølv om Queen gav ut to album til med Freddie Mercury (utanom posthume utgjevingar), vart A Kind of Magic det siste albumet bandet marknadsførte med ein konsertturné, sidan Mercury fekk diagnosen AIDS året etter. Det førte til at han døydde i 1991. For første gongen i karrieren let bandet seg filme medan dei var i studio. Videoen for «One Vision» syner klipp av bandet medan dei skriv og spelar inn songen.

A Kind of Magic nådde toppen av albumlista i Storbritannia og selde hundretusen eksemplar den første veka. Det låg inne på albumlista i 63 veker[2] og har seld kring seks millionar eksemplar verda over (600 000 berre i Storbritannia) . Albumet gav dei fire hitsinglar: Tittelsporet «A Kind of Magic», «One Vision», «Friends Will Be Friends»,[3] og «Who Wants to Live Forever», med orkester dirigert av Michael Kamen, medan den siste songen, «Princes of the Universe», er kjenningsmelodien til Highlander.[4]

Remove ads

A Kind of Magic og Highlander

Albumet hadde status som uoffisielt filmmusikkalbum for filmen Highlander (det vart ikkje gjeve ut noko offisielt album frå filmen). Tittelen «A Kind of Magic» kjem frå ein av linjene til Connor MacLeod (Christopher Lambert) som skildrar udøydelegheita si.[5] Seks av ni songar på albumet var med i filmen, men i forskjellige versjonar. Dei tre songanr som ikkje var med i Highlander er «Pain Is So Close to Pleasure», «Friends Will Be Friends» og «One Vision» (som eit år tidlegare vart nytta i filmen Iron Eagle). Ei innspeling av «Theme from New York, New York» laga for ein scene i Highlander er ikkje med på A Kind of Magic, og har aldri blitt gjeve ut på noko album så langt.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

A Kind of Magic fekk blanda kritikk. Rolling Stone skildra albumet som «tung plastikk» og konkluderte «Dette bandet kan godt putte litt pomp og prakt attende i rocken sin. Dei kjem aldri til å klare seg som verdige eldre statsmenn.»[11] The Times skildra albumet som ein av «dei mest spektakulært suksessrike utgjevingane i år», men sette spørjeteikn ved kven det appellerte til og spurte, «kvifor strekkjer det seg ikkje ut til dei av oss som har fått plater å melde?"[3] People Weekly skreiv «Det finst nesten ikkje eit personleg uttrykk, og i alle fall ikkje eit intimt eitt, på dette albumet. Gruppa kan vere blendande, men her er dei berre anmassande.»[12] I ei seinare melding var Allmusic meir positiv, og skreiv «Det er ikkje det mest samanhengande albumet deira, men A Kind of Magic var det beste dei hadde gjort på ei stund.»[6] Kerrang! og Paul Henderson lurte på «kor mykje av albumet som er det 'verkelege' Queen og kor mykje dei var bundne musikalsk til å skrive songar til ein film», og konkluderte med at «berre eit band som bra som Queen kunne gje ut eit album med så forskjellige songar utan å skuffe ein stor del av fansen sin».[9]

I 1994-utgåva av The Guinness All Time Top 1000 Albums vart A Kind of Magic stemt inn på 171. plassen på lista over dei beste rock- og popalbuma gjennom tidene.[13] I ei nasjonal undersøking i 2006 for BBC vart albumet stemt fram som det 42. beste albumet gjennom tidene.[14] I 2007 rangerte Classic Rock A Kind of Magic som det 28. beste filmmusikkalbumet gjennom tidene.[15]

Songar

One Vision

For meir om dette emnet, sjå One Vision.

Etter Queen spelte på Live Aid var Freddie Mercury entusiastisk om å fortsetje og ringde dei andre medlemmane for å gå i studio for å skrive og spele inn musikk i lag. Det ferdige produktet vart «One Vision». Alle dei fire medlemmane var tilskrivne som låtskrivarar, men Roger Taylor sa i eit intervju med australsk TV at det opphavleg hadde vore hanssong, med ein seriøs tekst om menn som Martin Luther King, men sa på spøk at «den dritsekken Freddie» hadde endra heile teksten hans. Brian May spelte synth-delen i starten av songen på ein Yamaha DX-7. Innspelinga vart filma og seinare gjeve ut på DVD-samlinga Greatest Video Hits 2. Songen er ikkje med i filmen Highlander, men vart nytta i filmen Iron Eagle i 1986.

«One Vision» vart gjeve ut i Storbritannia den 4. november 1985. Singelen nådde sjuandeplassen i Storbritannia og nådde topp ti i fleire land i Europa.

A Kind of Magic

For meir om dette emnet, sjå songen A Kind of Magic.

«A Kind of Magic» var skriven av Taylor. Han har sagt at han skreiv ned noko tekst, som var grunnlaget for både «One Vision» og «A Kind of Magic», noko som er tydeleg på demoversjonen av songen som kom ut som bonusspor med plata i 2011. Då Taylor drog ein tur til USA, tok Mercury over, «polerte» teksten, la til basslinja, nokre koplingar og omarrangerte strukturen. Den nye, meir poporienterte versjonen, vart likevel tilskriven Taylor. Det var denne versjonen som kom ut på albumet og gjeve ut som singel. Spike Edney spelar noko klaverinstrument på songen. Ein tyngre og meir rocka versjon kom ut på bonusplata som følgde versjonen frå 2011. Songen vart spelt inn av Elaine Paige i 1988 for albumet hennar The Queen Album.

Singelen kom ut i Storbritannia 17. mars 1986 og nådde tredjeplassen på singellista der. Han nådde òg 42. plassen i USA.

One Year of Love

For meir om dette emnet, sjå One Year of Love.

«One Year of Love» er ein song av Deacon. Albumversjonen består av Deacon som spelar ein Yamaha DX-7-synth, eit strykeorkester dirigert av Lynton Naiff og ein saksofon spelt av Steve Gregory. Deacon valde å byte ut gitardelane med ein saksofonsolo etter ein diskusjon med May, som ikkje er med på songen. Han vart gjeven ut som singel i Frankrike og Spania, og vert nytta i ein barscene i Highlander. Denne vart òg spelt inn av Elaine Paige i 1986 og av den nederlandske songaren Stevie Ann i 2006.

Pain Is So Close to Pleasure

For meir om dette emnet, sjå Pain Is So Close to Pleasure.

«Pain Is So Close to Pleasure» byrja som eit riff av May. Deacon og Mercury gjorde så songen om til ein Motown-aktig song, der Deacon spelar rytmegitar. Ein noko anna miks og omarbeidd versjon vart gjeve ut på singel i 1986, og nådde 26. plassen på den nederlandske singellista. Dette var siste gongen Mercury song ein heil Queen-song i falsett.

Friends Will Be Friends

For meir om dette emnet, sjå Friends Will Be Friends.

«Friends Will Be Friends» var skriven av Mercury og Deacon, med tekst av Mercury.[16] Det er ein av dei siste pianoballadane til Mercury, og har somme musikalske likskapar til tidlegare Queen-songar som «Play the Game» og «We Are the Champions». Songen er ikkje med i Highlander. Songen vart rekna som ein moderne versjon av rockehymnene til Queen frå 1970-åra, «We Are the Champions» og «We Will Rock You», og nådde 14. plassen i Storbritannia. Udner The Magic-turneen vart songen spelt mellom «We Will Rock You» og «We Are The Champions», dei tradisjonelle avslutningssongane på konsertane til Queen.

Singelen kom ut 9. juni 1986 og nådde 14. plassen på singellista i Storbritannia og topp 40 i fleire land i Europa.

Who Wants to Live Forever

For meir om dette emnet, sjå Who Wants to Live Forever.

«Who Wants to Live Forever» vart skriven av May og sungen på albumversjonen som ein duett mellom han sjølv og Mercury. Synthane vert spelt på ein Yamaha DX-7 av May, og orkesteret vart arrangert og dirigert av Michael Kamen. Deacon deltok ikkje på songen, og Taylor spelte nokre trommemaskinparti og medverka med korvokal. Perkusjonen og bass vart spelt av orkesteret, trass i at Taylor og Deacon mima desse delane i musikkvideoen. Songen er eit slags «kjærleikstema» i Highlander. I filmen syng Mercury førsteverset i motsetnad til albumversjonen, der May syng dette verset.

Songen vart gjeve ut på singel 15. september 1986 og nådde 24. plassen i Storbritannia. National Philharmonic Orchestra var med i videoen til songen, i lag med 40 korgutar og 2000 stearinlys.

Gimme the Prize (Kurgan's Theme)

«Gimme the Prize» var skriven av May. Denne songen vart laga for Highlander, og samplar forskjellige linjer frå filmen, mellom anna «I have something to say: It's better to burn out than to fade away» og «There can be only one», som vert talt av Clancy Brown (The Kurgan) og Christopher Lambert(Connor MacLeod). Regissøren Russell Mulcahy seier i DVD-kommentaren at dette var den songen han likte minst av songane bandet bidrog med til fimlen, fordi han ikkje likar heavy metal. May sa òg at både Mercury og Deacon hata songen.

Don't Lose Your Head

«Don't Lose Your Head» vart skriven av Taylor med Joan Armatrading på vokal. Songen har tittel etter ei linje som vert sagt i Highlander, og vert spelt ei kort stund då Kurgan kidnappar Brenda. Songen glir over i ein versjon av «Theme from New York, New York», men dette er berre eit lite klipp. Ein instrumental versjon av songen, kalla «A Dozen Red Roses for My Darling» vart gjeve ut som B-sida til «A Kind of Magic».

Princes of the Universe

For meir om dette emnet, sjå Princes of the Universe.

«Princes of the Universe» er kjenningsmelodien i filmen og den einaste songen på albumet der Mercury står som einaste låtskrivar. Songen er ein kompleks og tung song, og demonstrer Queen attende til hardrock- og heavy metal-røtene sine. Songen vert spelt under opninga av Highlander.[17] Musikkvideoen nyttar klipp frå filmen, og ein opptreden av Christopher Lambert, som sloss med Mercury i Silvercup Studios, der filmen vart spelt inn.

Songen vart berre gjeve ut på singel i Australia, der han vart ein liten hit med ein 28. plass på singellista våren 1986.

Remove ads

Medverkande

  • Freddie Mercury - solo- og korvokal, piano, synthesiserar, sampler på «One Vision», «Pain is So Close to Pleasure» og «Friends Will Be Friends»
  • Brian May - elektrisk gitar, korvokal, solovokal på «Who Wants to Live Forever», klaverinstrument på «One Vision» og «Who Wants to Live Forever», programmering på «Who Wants to Live Forever»
  • Roger Taylor - trommer, elektroniske trommer på «One Vision», korvokal, klaverinstrument på «A Kind of Magic» og «Don't Lose Your Head», programmering på «One Vision» og «Don't Lose Your Head»
  • John Deacon - bassgitar, elektrisk gitar på «Pain is So Close to Pleasure», «Friends Will Be Friends» og «Don't Lose Your Head», klaverinstrument på «One Year of Love» og «Pain is So Close to Pleasure», sampler og programmering på «One Year of Love» og «Pain is So Close to Pleasure»
Andre medverkande
Remove ads

Lister

Meir informasjon Liste (1986), Plassering ...

Salstrofé

Meir informasjon Region, Salstrofé ...
Remove ads

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads