Palaeognathae
klade av fuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Palaeognathae er den minste av to overordenar av moderne fuglar. Den andre overordenen er Neognathae. Til saman utgjer dei to kladene den biologiske underklassen Neornithes.
Remove ads
Palaeognath kjem frå gammalgresk og tyder 'gammal kjeve' med referanse til skjelettanatomien av ganen, som er skildra som meir primitiv og krypdyrliknande enn hos andre fuglar. Det er ingen usemje om at Palaeognathae er dei mest «primitive» eller basale levande fuglane, men det er strid om det nøyaktige tilhøvet mellom dei og andre fuglar. Det er også fleire andre vitskaplege kontroversar om evolusjon.
Overorden Palaeognathae inneheld fire nolevande ordenar av strutsefuglar, fuglar utan flygeevne, samt ein orden av tinamuar med svak flygeevne. I tillegg reknast to ordenar av utdøydde artar som ein del av Palaeognathae, elefantfuglar og moafuglar.
Av dei nolevande artane er det klassifisert mindre enn 50 artar av tinuamuar i ni slekter. Strutsefuglar samlar to strutseartar, to nanduar, tre kasuarar, emu og fem artar kiviar, til saman 13 artar strutseliknande fuglar, alle utan flygeevne.
Remove ads
Evolusjon og kladistikk
Palaeognathae |
| |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kladogram basert på Mitchell (2014)[1] med namn på kladar etter Yuri et. al (2013)[2]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads