Pamela Anderson
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Pamela Denise Anderson (fødd 1. juli 1967) er ein canadisk-amerikansk skodespelar, forfattar, fotomodell og aktivist.
Remove ads
Bakgrunn
Anderson blei fødd i Ladysmith i British Columbia i Canada som dotter av Barry W. Anderson og Carol, fødd Cawthorpe. Fødselsdatoen hennar, 1. juli 1967, fall på hundreårsdagen (Centennial) for den offisielle skipinga av Canada via Constitution Act, 1867, og ho fekk pressedekning som ein «Centennial Baby».[1][2] Ein yngre bror, Gerry, blei fødd i 1971. Også han blei skodespelar og produsent, og har arbeidd saman med Pamela Anderson i nokre av filmane og fjernsynsprogramma hennar.
Remove ads
Karriere og aktivisme
Anderson vart verdskjent for rolla som badevakta C.J. Parker i TV-serien Baywatch. Ho har òg spelt i suksessfulle filmar som Scooby Doo (2002) og Scary Movie 3 (2003). Ho har sidan medverka i mange andre filmar og TV-seriar, og ho har vore Playboy-modell. Karrieren hennar i Playboy spenner over tre tiår, og ho har dukka opp på fleire Playboy-tidsskrift enn nokon annan modell.[3]
Anderson er eit aktivt medlem av dyrevernorganisasjonen People for the Ethical Treatment of Animals (PETA), og har delteke i fleire kampanjar for dyr sine rettar.[4][5] Ein av kampanjane hennar som medlem av PETA har vore mot bruk av pels. I 2003 strippa Anderson for PETA-kampanjen «I'd Rather Go Naked Than Wear Fur». Ho er også vegetarianar.[6]
Remove ads
Privatliv
Pamela Anderson har både amerikansk og canadisk statsborgarskap.[7]
Anderson gifta seg med musikaren Tommy Lee, kjent som trommeslagar i bandet Mötley Crüe, i 1995. Paret søkte om skilsmisse to gonger, før dei tidleg i 1998 endeleg gjorde det slutt. Saman fekk dei to søner, Brandon Thomas (fødd i 1996) og Dylan Jagger (fødd i 1997).
Anderson var gift med Kid Rock frå 2006 til 2007) og med Rick Salomon frå 2007 til 2008, då ekteskapet blei annullert. Ho annonserte at dei hadde gifta seg igjen i januar 2014.[8]
Filmar
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads