Panaro
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Panaro er ei elv i Emilia-Romagna i Italia og ei av side siste sidelvane til Po frå høgre, om ein ser bort i frå kanalen Cavo Napoleonico. Elva renn nordaustover gjennom heile Emilia-Romagna frå kjelda nær vasskiljet i Appenninane og grensa til Toscana til munningen i Po ved grensa til Veneto.
Panaro er 148 km lang med eit nedslagsfelt på 2 292 km².
Hovudkjelda til elva er Rio delle Tagliole ved Foce a Giovo i Monte Rondinaio, om lag 12 km sørvest for den høgaste toppen i Toscana og Emilia-Romagna, Monte Cimone (2 165 m). Ved Pievepelago (i provinsen Modena) endra ho namn til Scoltenna. Nær Modena møter ho Naviglio de Modena og vert framkommeleg fram til munningen i Po, like vest for Ferrara. Ho renn gjennom Vignola, Finale Emilia og Bondeno.
Ved Olina går det ei bru over elva som vart bygd i 1522. Ho ligg i kommunen Pavullo nel Frignano.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Panaro frå Engelsk Wikipedia .
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads