Station to Station

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads
Remove ads

Station to Station er det tiande studioalbumet til den engelske musikaren David Bowie, gjeve ut 23. januar 1976 av RCA Records. Det vert ofte rekna som eit av dei viktigaste albuma hans og er kjent for å introdusere den siste store «rollefiguren» til Bowie, The Thin White Duke. Innspelingane vart produserte av Bowie og Harry Maslin. Dei gjekk føre seg i Cherokee Studios i Los Angeles i California i siste halvdelen av 1975, etter at Bowie var ferdig med innspelinga av Nicolas Roeg-filmen The Man Who Fell to Earth. Biletet på plateomslaget er eit stillbilete frå filmen. Under innspelinga var Bowie kraftig påverka av dop, særleg kokain, og hevdar sjølv at han ikkje hugsa mykje av henne.

Meir informasjon David Bowie-kronologi, Singlar frå ...

Musikalsk var Station to Station eit overgangsalbum for Bowie, der han utvikla funk- og soulmusikken frå det førre albumet Young Americans, med ei ny retning direkte inspirert av tyske elektroniske band som Kraftwerk og Neu!. Tekstane på albumet spegla emne Bowie var oppteken av, som Friedrich Nietzsche, Aleister Crowley, mytologi og religion. Med ei blanding av funk og Krautrock, romantiske balladar og okkultisme, har Station to Station vorte skildra som «både eit av dei mest tilgjengelege og utilgjengelege albuma til Bowie på same tid».[1] Bowie sjølv har sagt at Station to Station var «ei bøn om kome attende til Europa for meg.»[2]

Med singelen «Golden Years», som kom ut før albumet, nådde det topp fem på albumlistene i både Storbritannia og USA. Etter utgjevinga la Bowie ut på Isolar-turneen, der han ofte stod på scenen i rolla som The Thin White Duke. Då albumet var fullført, flytta Bowie til Berlin for å kome seg bort frå dopkulturen i Los Angeles. Musikkstilane utforska på Station to Station kulminerte med dei mest kritikarroste albuma hans, den såkalla Berlintriologien, spelt inn med Brian Eno i løpet av dei tre neste åra.

I 2020 vart albumet rangert på 53. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene. Albumet har blitt gjeve ut fleire gonger og vart ommastra i 2016 som ein del av plateboksen Who Can I Be Now? (1974–1976).

Remove ads

Bakgrunn

I følgje biografen David Buckley, var Bowie, som på denne tida budde i Los Angeles, driven av eit «astronomisk» kokainmisbruk og levde på ein diett som bestod av paprika og mjølk, og var det meste av 1975 og 1976 i «ein tilstand av psykisk terror».[3] Det sirkulerte soger — hovudsakleg frå eit intervju som delvis vart trykt i Playboy og Rolling Stone — om songaren som levde i eit hus fullt av gamle egyptiske ting, brennande svarte talglys, at han såg lik som fall forbi vindauga sitt, at hekser prøvde å stele sæden hans, at han fekk hemmelege meldingar frå The Rolling Stones, og at han levde i dødsfrykt frå Aleister Crowley-tilhengjaren Jimmy Page.[2] Bowie sa seinare om L.A. at «den jævla plassen burde vore fjerna frå jorda».[4]

Det var under filminga av den første store filmrolla hans, The Man Who Fell to Earth, at Bowie byrja å skrive på ein delvis sjølvbiografi kalla The Return of the Thin White Duke.[5] Han skreiv òg musikk som han trudde skulle nyttast i filmen, men dette vart aldri noko av. Bowie anbefalte då John Phillips frå The Mamas and the Papas til å skrive og produsere den originale musikken for filmen i staden for.[6] Regissøren Nicolas Roeg åtvara stjerna om at rolla som Thomas Jerome Newton truleg ville henge ved han ei stund etter produksjonen var ferdig. Med løyve frå Roeg utvikla Bowie sin eigen utsjånad for filmen og tok dette med seg ut i ålmenta og dei to neste plateomslaga det neste året. Det same gjorde Newton si kjensle av skjørheit og reservertheit.[7]

The Thin White Duke vart talerøyret for Station to Station, og ofte det neste halve året òg for Bowie sjølv. Han var ulasteleg kledd i kvit skjorte, svarte bukser og vest, og The Duke var ein hol mann som song songar om romansar med ein forpint intensitet utan å føle nokon ting, «is utkledd som eld».[1] Personen har vorte skildra som «ein galen aristokrat»,[1] «ein amoralsk zombie»[8] og «ein kjenslelaus, arisk supermann».[2] For Bowie sjølv var The Duke «verkeleg ein ufyseleg karakter.»[9]

Remove ads

Produksjon

Station to Station vart spelt inn i Cherokee Studios i Los Angeles seint i 1975. I 1981 meinte NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray at det vart spelt inn i løpet av «10 dagar med febrilsk aktivitet» - då Bowie meinte at det ikkje var noko håp for at han skulle lage musikken til The Man Who Fell to Earth.[1] I nyare tid har det kome fram at albumet vart spelt inn i løpet av nokre månader, frå seint i september[10] eller tidleg i oktober 1975[2] til seint november 1975,[10] og var ferdig før Bowie byrja på innspelingane til filmen.[11][12]

Tidlegare titlar for albumet var The Return of The Thin White Duke,[13] og Golden Years.[2] Station to Station vart medprodusert av Harry Maslin, produsenten som hadde vore med på innspelingane av «Fame» og «Across the Universe» på Young Americans. Tony Visconti, som hadde vore borte frå Bowie i tre år, hadde nyleg kome attende til Bowie og miksa Diamond Dogs og vore medprodusent på David Live og Young Americans, var ikkje med på dette albumet sidan han var oppteken med andre prosjekt.[14] Bowie nytta bandet han kom til å spele med resten av tiåret, med bassist George Murray frå Young Americans, trommeslagar Dennis Davis og rytmegitarist Carlos Alomar.[1]

Station to Station var samprodusert av Harry Maslin, som hadde samarbeidd med Bowie på «Fame» og «Across the Universe» på Young Americans. Tony Visconti, som etter å ha vore borte i tre år kom attende til Bowie for å mikse Diamond Dogs og produsere David Live og Young Americans, var ikkje med på dette albumet fordi han hadde andre oppgåver han måtte gjere.[15] Men innspelinga fastsette bandet som Bowie kom til å bruke resten av tiåret, med bassisten George Murray, trommeslagaren Dennis Davis og rytmegitaristen Carlos Alomar.[1]

Innspelingsprosessen som vart utvikla med dette teamet sette standarden for albuma til Bowie opp til og med Scary Monsters (and Super Creeps) i 1980. Akkompagnementet vart spelt inn av Murray, Davis og Alomar; saksofon, klaverinstrument og sologitar vart lagt til (her av høvesvis Bowie, Roy Bittan og Earl Slick); solovokal og til slutt ymse produksjonstriks for å fullføre songen.[16] I følgje Bowie: «Eg fekk nokre ganske fantastiske ting ut av Earl Slick. Eg trur det fanga fantasien hans som fekk han til å lage støy og teksturar på gitaren, i staden for dei riktige notane.»[17] Alomar sa «Det var eit av dei mest fantastiske albuma eg har gjort nokon gong ... Me eksperimenterte så mykje på det».[16] Maslin la til «Eg elska dei innspelingane fordi me var fullstendig opne og eksperimentelle i måten me gjorde det på».[2]

Bowie sjølv hugsa nesten ingenting av innspelinga av albumet, ikkje ein gong studioet, og sa: «Eg veit det var i LA fordi eg har lese at det var det».[2] Songen var ikkje aleine i kokainbruken under innspelinga og Carlos Alomar sa «om det finst ei linje kokain som held deg vaken til kl. 08 om morgonen slik at du kan gjere gitarparten din, så tar du den linja med kokain ... kokainbruken er driven av inspirasjonen.» Som Bowie hadde Earl Slick berre vage minne om innspelinga: «Det albumet er litt uklårt — av opplagte årsaker! Me var i studio og det var sprøtt - mange timar, mange seine kveldar.»[18]

Plateomslaget nytta eit svartkvittbilete frå The Man Who Fell to Earth, der Bowie, som rollefiguren Thomas Jerome Newton, går inn i ein romkapsel som vil ta han heim att til heimplaneten hans.[19] Bowie hadde insistert på eit skore svartkvitt-bilete sidan han meinte det originale fargebiletet hadde ein himmel som såg kunstig ut.[1]Rykodisc gav ut katalogen til Bowie på ny tidleg i 1990-åra, vart fargeversjonen nytta. Baksida av plateomslaget syner Bowie som teiknar det kabbalistiske sefirot med kalk – noko han gjorde på filmsettet.[20]

Remove ads

Stil og tema

Thumb
Musikken på Station to Station er inspirert av tyske elektronicaband som Kraftwerk (avbilda i 1976).

Station to Station er ofte omtalt som eit overgangsalbum i karrieren til Bowie. Nicholas Pegg, forfattar av The Complete David Bowie, kalla det «nøyaktig halvvegs mpå reisa frå Young Americans til Low»,[2] medan for Roy Carr og Charles Shaar Murray, «deler det effektivt 70-talet for David Bowie. Det avrundar æraen med Ziggy Stardust og plastikksoul, og introduserer den første smaken av den nye musikken som følgde på Low[1] I følgje Bowie sjølv hadde den eurosentriske smaken på Station to Station det musikalske opphavet sitt i songar som «Aladdin Sane (1913-1938-197?)» og «Time» (1973), medan funk- og discoelementa var ei utviklinga frå soul-stilen på Young Americans (1975). I tillegg hadde Bowie byrja å bli inspirert av krautrock og elektronisk musikk av band som Neu! og Kraftwerk. Tematisk vitja albumet på ny konsept ein fann i songar som «The Supermen» frå The Man Who Sold the World (1970) og «Quicksand» frå Hunky Dory (1971): Nietzsche sitt 'overmenneske', okkultismen til Aleister Crowley, nazistane sin fascinasjon med mytologien kring den heilage gralen og Kabbalah.[2][1] Pegg rekna temaet på albumet som ein samanstøyt mellom «okkultisme og kristendom».[2]

Forfattaren David Sheppard skildra musikken på Station to Station som «iskald, syntetisert funk-rock[21] AllMusic-skribenten Stephen Thomas Erlewine skreiv at «i kjernen er Station to Station avantgarde kunstrock», som omfattar «alt frå episke balladar og disco til syntetisert avant pop» medan det strekkjer «den lausrivne plastikksoulen frå Young Americans til det elegante, robotiske ekstreme.»[22] I følgje Robert Christgau hadde eksperimenteringa til Bowie med afroamerikanske musikkstilar modna seg då Station to Station vart spelt inn, då plata approprierte dei «i ein særskild romsleg og ru kontekst».[23] Han sa det la soul til «den mekaniske, fragmenterte, og heller brukte elegansen» utforska på Aladdin Sane.[24] Pitchfork-skribenten Laura Snapes skildra stilen på plata som «ein hybrid av elektronisk R&B[25] medan Erlewine rekna det som «skummel avant-pop[26] I 2016 skildra Michael Gallucci frå Ultimate Classic Rock songane som «kunstfunk».[27]

Den musikalske stilen på «Golden Years», den første songen spelt inn for albumet, var bygd rundt funk og soul frå Young Americans men med ein råare og malande snert. Han har vorte skildra for å bere med seg «ein atmosfære av anger av tapte mogelegheiter og tidlegare gleder».[1] Bowie sa han vart skriven for - og avvist av - Elvis Presley, medan kona til Bowie på denne tida, Angie, hevda songen var skriven for ho.[28] Songen vart ein Topp 10-singel på begge sider av Atlanteren, men vart sjeldan spelt på den påfølgjande Station to Station-turneen.[29] «Stay» var ein annan riff-driven funk-song, «spelt inn i vårt kokain-vanvit», i følgje Alomar.[28] Teksten har vorte tolka på forskjellig vis som å reflektere «usikkerheita rundt seksuelle erobringar»,[28] og som eit døme på «den falske romantikken til the Duke».[1]

Det kristne elementet på albumet kom mest tydeleg fram i den salmeliknande «Word on a Wing», sjølv om kommentatorar meiner at religion, som kjærleik, berre var ein annan måte for the Duke «å teste kjensleløysa si» på.[1] Bowie sjølv hevdar at i songen så er i det minste «lidenskapen genuin».[4] Då han spelte songen live i 1999 sa han songen kom til under «dei mørkaste dagane i livet mitt ... eg er sikker på det var eit rop om hjelp».[30] Avslutningsballaden «Wild Is the Wind», var den einaste coverversjonen på albumet, og har vorte hylla som ein av dei beste vokalprestasjonane til Bowie nokon gong.[31] Bowie vart inspirert til å spele inn songen etter å ha møtt songaren, pianisten og låtskrivaren Nina Simone, som song denne songen på albumet Wild Is the Wind (1966).[30]

Scenen frå The Man Who Fell to Earth der Thomas Jerome Newton sit føre mange fjernsynsskjermar, er sagt å delvis ha inspirert den mest livlege songen på albumet, «TVC15».[32] Visstnok omhandlar òg songen kjærasten til Iggy Pop som vart eten opp av fjernsynet,[33] og har vorte kalla «upassande munter» og «den skeivaste hyllesta til The Yardbirds ein kan tenke seg».[1]

Det er sagt at tittelsporet melder om «ein ny periode med eksperimentering» for Bowie.[34] «Station to Station» var delt i to: ein langsam, illevarslande, pianodriven marsj, introdusert av lyden av eit komande tog sidestilt med gitarfeedbacken til Earl Slick, etterfølgd av ein livleg rock/blues-seksjon.[1] Berman skreiv for Pitchfork at «tittelsporet er ein viktig prog-disco-suite som legg ein kurs frå andeleg tomrom mot ekstatisk religiøs oppvakning.»[35] I 1999 fortalte Bowie UNCUT, «sidan Station To Station har blandinga av R&B og elektronika vore eit mål for meg».[36] Trass i støyen frå toget i opninga, hevdar Bowie at tittelen ikkje referer til togstasjonar, men til Krossvegsandakten (Stations of the Cross), medan linja «From Kether to Malkuth» viser til mystiske stader i Kabbalah, ei blanding av kristne og jødiske referansar.[37] Fikseringa på det okkulte kom òg til uttrykk i linjer som «white stains», namnet på ei diktsamling av Aleister Crowley.[38] Teksten nemner òg narkotikamisbruken til Bowie («It's not the side effects of the cocaine / I'm thinking that it must be love»).[39] Påverka av krautrock var dette den tydlegaste forsmaken på den komande «Berlintrilogien».[34][37]

I magasinet Creem i 1977 hevda Bowie at Station to Station var «blotta for sjel ... sjølv kjærleikssongane er avskorne, men eg syns det er fascinerande.»[34]

Remove ads

Singlar og unytta opptak

Alle songane på Station to Station, utanom tittelsporet, kom etter kvart ut på ein singel. «Golden Years» vart gjeven ut i november 1975, to månader før albumet. Bowie vart visstnok full før han framførte songen på fjernsyn for det amerikanske showet Soul Train,[40] noko som førte til filmklippa ein kan sjå i musikkvideoprogram.[29] Singelen nådde åttandeplassen i Storbritannia og tiandeplassen i USA (der han låg på lista i 16 veker), men som «Rebel Rebel» for Diamond Dogs (1974), var han ikkje heilt representativ for albumet som skulle kome.[29]

Tittelsporet vart gjeven ut på ein promosingel i januar 1976. Singelen vart berre gjeven ut i Frankrike og bestod av ein forkorta versjon av songen, som varte tre og eit halvt minutt, i tillegg til albumversjonen av «TVC 15» på B-sida.[41] Singelen gjekk ikkje inn på lista noko stad.

«TVC15» vart redigert ned og gjeven ut som den andre singelen i mai 1976, og nådde 33. plassen i Storbritannia og 64. plassen i USA. «Stay» vart òg redigert ned og kom ut same månad, samstundes med RCA-samlinga Changesonebowie, sjølv om han ikkje var med på samleplata.[42] I november 1981, då kontrakten til Bowie med RCA var i ferd med å gå ut, gav dei ut «Wild Is the Wind» i samband med Changestwobowie-samlinga. Han kom ut i Storbritannia med katalognummeret BOW10 og hadde «Golden Years» som B-side.[43][44] Andre versjonar av singelen hadde «Word on a Wing» og ein musikkvideo laga for utgjevinga. Denne nådde 24. plassen i Storbritannia og låg på lista der i 10 veker.[45]

Ein annan song som visstnok vart spelt inn under innspelinga av albumet i Cherokee Studios, var ein cover av Bruce Springsteen sin «It's Hard to Be a Saint in the City»,[10] og denne kom først ut i 1990 på Sound and Vision-boksen. I følgje Nicholas Pegg, bestod innspelinga i Cherokee truleg av ekstra lydspor til songen som opphavleg vart spelt inn i Sigma Sound Studios under innspelinga av Young Americans.[46] Harry Maslin og Carlos Alomar har hevda at dei aldri spelte inn songen under Cherokee-innspelingane, medan Tony Visconti meiner at songen mest truleg bestod av ekstra lyd spor spelte inn i Olympic og Island Studios under Diamond Dogs-innspelinga, med Aynsley Dunbar på trommer, Herbie Flowers på bass og Mike Garson på klaverinstrument.[2] Songen kom seinare ut på The Best of David Bowie 1974/1979.

Remove ads

Utgjeving og mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Station to Station vart gjeven ut i januar 1976 og nådde tredjeplassen på Billboard Top LPs & Tape, og låg inne på lista i 32 veker. Det var den høgaste plasseringa til Bowie på den amerikanske albumlista,[54] fram til The Next Day i 2013.[55] Det selde til gullplate i USA den 26. februar 1976.[56] I Storbritannia låg det på lista i 17 veker og nådde ein 5. plass. Det var siste gong eit av studioalbuma hans hamna lågare på lista i heimlandet enn i USA.[54]

Billboard meinte at Bowie hadde «funne den musikalske nisjen sin» etter songar som «Fame» og «Golden Years», men at «det 10 minuttar lange tittelsporet er keisamt». NME kalla det «eit av dei viktigaste albuma som er komen dei siste fem åra» og kåra det seinare til det nest beste albumet det året.[57] Begge meinte at tekstane var vanskelege å fatte.[2]

Rolling Stone-journalist Teri Moris applauderte dei meir rocka augneblikka på albumet, men skjelna at han var på veg bort frå sjangeren, og meinte at «det tankefulle, profesjonelle forsøket til ein stil-medviten artist som har høvet til å skrive og framføre krevjande rock & roll eksisterer fint ved sidan av fascinasjonen hans for andre stilar ... sjølv om det er liten tvil om dugleiken hans, lurer ein på kor lenge han vil halde på med rocken.»[58] Circus skreiv at «Bowie var aldri ein som opprettheld kontinuitet i arbeidet sitt eller livet sitt» og meinte at Station to Station «gjev kryptiske, ekspresjonistiske glimt som fører oss til å kjenne konturane og hjartebanken i sjela til mannen bak maska, men som aldri heilt syner andletet sitt.» Meldinga fann òg forskjellige referansar til tidlegare Bowie-verk, som «tettleiken» på The Man Who Sold the World, «popkjensla» på Hunky Dory, «dissonans og angst» på Aladdin Sane, «den uimotståelege perkusjonen» frå Young Americans, og «den ungdommelege mystisismen» frå «Wild Eyed Boy from Freecloud», og konkluderte med «at det viser at Bowie dreg ut dei mest krevjande delane av den svingete reisa si». [59]

Station to Station vart røysta fram til det 13. beste albumet i 1976 i Pazz & Jop, ei årleg avstemming blant amerikanske kritikarar, publisert i The Village Voice.[60] I meldinga si for avisa var kritikaren Robert Christgau noko reservert over lengda på songane, og den fjerne kvaliteten i røysta til Bowie, men rekna «TVC 15» som «favorittsongen hans innan rock and roll på særs lang tid» og skreiv «romslegheit har alltid vore gimmicken hans, og ein kvar som kan slå saman Lou Reed, disco og Dr. John fortener å halde på med det i fem minutt og 29 sekund.»[61] Han rangerte albumet som det fjerde beste i si røyst til avstemminga.[62]

Remove ads

Etter utgjevinga

Innspelinga av Station to Station var ferdig i desember 1975 og Bowie starta på filmmusikken til The Man Who Fell to Earth i lag med Paul Buckmaster.[2] Bowie venta at han kom til å få heile ansvaret for filmmusikken, men etter å ha skrive fem eller seks stykke, «vart eg beden om å levere musikken min i lag med andre sin musikk ... og eg sa berre, 'Drit, de får ingenting av det'. Eg vart så rasande. Eg hadde lagt ned mykje arbeid i det.»[4] Harry Maslin meinte derimot av Bowie var «utbrent» og ikkje kunne ha gjort ferdig prosjektet uansett. Songaren kollapsa til slutt, og innrømde seinare, «eg låg i bitar over heile golvet».[2] Berre ein instrumental komponert for filmen såg dagens lys, og utvikla seg til «Subterraneans» på det neste studioalbumet, Low.[4]

Thumb
Bowie, som rollefiguren The Thin White Duke, på scenen i 1976 i Toronto.

Etter å ha gjeve opp filmmusikkalbumet, la Bowie ut på ein turne for Station to Station, som starta 2. februar 1976 og var over 18. mai 1976.[2] Kraftwerk sin «Radioactivity» vart nytta som overture for konsertane, medan det vart vist klipp frå Luis Buñuel og Salvador Dali sin surrealistfilm Un chien andalou.[63] På scenen var Bowie kledd i kleda til The Duke med svart vest og bukse, ein pakke Gitanes (franske sigarettar) plassert godt synleg i lomma, og flytta seg stivt rundt blant «eit teppe av kvitt lys»,[1] ein effekt som gav turneen kallenamnet 'The White Light Tour'.[63] I 1989 sa Bowie, «eg ønskte å gå attende til ein slags ekspresjonistisk tysk-film-utsjånad ... og lyssettinga til, til dømes Fritz Lang eller Pabst. Ein svart-kvit-film-kjensle, men med ein intensitet som på eit vis var aggressiv. Eg trur for meg, personleg, teatralsk, så var det den mest suksessfulle turneen eg har gjort.»[10] Station to Station-turneen vart opphavet til eit av dei mest kjende piratkopialbuma av artisten, henta frå ei radiosending den 23. mars 1976 av konserten i Nassau Coliseum.[63] Eit konsertalbum vart offisielt gjeve ut mange år seinare.

Bowie fekk kritikk under turneen for hans påståtte pro-fascistiske synspunkt. I 1974 hadde han sagt i eit intervju, «Adolf Hitler var ein av dei første rockestjernene ... minst like god som Jagger ... han scenesette eit land»,[64] men klarte å unngå og verte fordømd. På Station to Station-turneen førte ei rekkje hendingar til at han fekk offentleg merksemd. I april 1976 vart han i tollen i Aust-Europa fråteken nazi-effektar. Same månad vart han sitert i Stockholm for å ha sagt at «Storbritannia kunne ha nytt godt av ein fascistisk leiar».[64] Bowie la skulda på narkotikamisbruket sitt og rollefiguren The Thin White Duke for den dårlege dømmekrafta.[65] Kontroversen kulminerte den 2. mai 1976, kort tid før turneen var over, i den såkalla 'Victoria Station-hendinga' i London, der Bowie kom køyrande i ein Mercedes kabriolet og visstnok gav ei nazihelsing til menneska der. Dette vart fanga på film og eit bilete vart publisert i NME. Bowie sjølv hevdar at fotografen tok bilete av han medan han vinka til folka,[66] noko som var støtta av ein ung Gary Numan som var til stades den dagen. «Tenk over det. Om nokon filmar nokon som vinkar, så vil du få ei nazihelsing kvar gong han strekkjer ut armen. Alt du treng er ein drittsekk i ei musikkavis eller noko slikt til å lage ei sak av det ...»[64] Skampletten vart derimot hengande ved til så stor grad at linjene «To be insulted by these fascists/It's so degrading» frå «It's No Game» på Scary Monsters fire år seinare vart tolka som eit forsøk på å gravlegge hendinga ein gong for alle.[67]

Remove ads

Ettermæle

Station to Station var ein milepåle i overgangen til Bowie til 'Berlintriologien'. Bowie sjølv sa om albumet, «når det gjeld musikken, så var Low og etterkomarane direkte oppfølgjarar frå tittelsporet»,[37] medan Brian Eno meinte at Low var «eit framhald frå Station to Station».[68] Det har òg vorte skildra som «enormt påverkande på post-punken».[69] Roy Carr og Charles Shaar Murray skreiv i 1981, «Om Low var Gary Numan sitt Bowie-album, så var Station to Station Magazine sitt.»[1] Stylus meinte i 2004 at «på same måte som få hadde venta dette frå Bowie, så var det få som kopierte det ... i stor grad er dette eit album for seg sjølv, ein stil som aldri vart noko av.».[70]

Han har blitt skildra som «enormt innverknadsrikt på post-punk».[22] Roy Carr og Charles Shaar Murray skreiv i 1981, «Om Low var Gary Numan sitt Bowie-album, så var Station to Station Magazine sitt.»[1] Men Stylus erklærte i 2004 at «akkurat som få hadde venta det neste grepet til Bowie, var det få som kopierte det ... for det meste er dette ein einsleg, forlaten stil».[70] Rob Sheffield rekna det som eit «space rock-meisterverk» i The Rolling Stone Album Guide (2004), og skreiv at Bowie hadde spelt inn «den mest intense musikken i heile livet hans».[52] Jem Aswad frå NPR skildra albumet som «banebrytande is-funk» som «bana vegen for ikkje berre tusenvis av artistar som var inspirert av det, men òg for den glimrande bølgja av eksperimentering som følgde dei neste fem åra: Low, Heroes, Lodger og Scary Monsters[71]

Meir enn tjue år etter utgjevinga rekna Bowie sjølv både Station to Station og Low «flotte, forbanna gode» album, men fordi han var så fråverande tilstanden hans under innspelinga, lytta han til Station to Station «som eit musikkverk av ein heilt annan person».[72] Han forklarte: «Først er det innhaldet, som ingen faktisk har vore veldig tydeleg om. Sjølve songen «Station to Station» i stor grad omhandlar krossvegsandakta. Alle referansane i songen har å gjere med Kabbalah. Det er det næraste albumet til ei magisk avhandling som eg har skrive. Eg har aldri lese ei melding som verkeleg forstod det. Det er eit ekstremt mørkt album. Ei elendig tid å leve gjennom, må eg sei.»[72]

I 1999 skildra biografen David Buckley Station to Station som eit «meisterverk innan nyskaping» som «somme kritikarar hevdar, og det er kanskje ein klisje, er det beste albumet hans».[73] Sme året kalla Eno det «eit av dei beste albuma gjennom tidene».[68] Albumet vart rangert på 323. plassen på magasinet Rolling Stone si liste frå 2003 over dei 500 beste albuma gjennom tidene,[74] 324. plassen på den reviderte lista frå 2012,[75] og 52. plassen på lista deira frå 2020.[76] I 2004 rangerte The Observer albumet på 80. plassen på lista si over dei 100 beste britiske albuma.[77] Vibe plasserte albumet på lista si over 100 essensielle album frå 1900-talet.[78]

Bowie spelte inn at «Stay» på ny under ei øving for Earthling-turneen sin, spelt inn tidleg i 1997 og miksa i midten av 1997. «Stay '97» kom først ut i 2020 då han kom ut på Is It Any Wonder?.[79]

Remove ads

CD-utgåve

Albumet har kome ut på CD fleire gonger. Første gongen var i 1985 på RCA, med det originale svartkvittomslaget. Albumet kom ut igjen på ny i 1991 på Rykodisc, med to konsertopptak som bonusspor. Utgåva frå 1999 på EMI kom med ein 24-bit digitalt ommastra lyd, men utan bonusspora. Begge nyutgjevingane nytta fargeutgåva av plateomslaget, og fotografiet dekka heile framsida av omslaget. I 2007 gav EMI Japan igjen ut albumet med det originale svartkvitbiletet på ei mini-LP-utgjeving. I 2010 vart albumet gjeve ut på ny på EM i ei spesial- og luksusutgåve, og begge etterlina eit mini-LP-omslag, inne i ein større boks. Luksusutgåva inneheldt både stereo- og kringlydmiksar av albumet, produsert av Harry Maslin.

Albumet vart ommastra igjen i 2016 for plateboksen Who Can I Be Now? (1974–1976) og året etter kom det på individuell CD. Plateboksen inneheld både den originale miksen frå 1976 og stereomiksen frå 2010 av albumet. 1976-miksen nytta det originale plateomslaget, medan 2010-miksen nytta fargeomslaget.

Remove ads

Innhald

Alle songar skrivne av David Bowie, utanom der andre er nemnde.

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

2010-utgåva

Ei spesial og luksus-utgåve av albumet kom ut i 2010 med heile konserten frå Nassau Coliseum frå 1976 på to CD-plater (på begge utgåver) og ein Dolby 5.1-miks av albumet (på luksusutgåva).[81][82]

Spesialutgåve og digital nedlasting

Spesialutgåva med tre CD-plater inneheld eit 16-siders hefte og tre fotokort. Den digitale nedlastingsutgåva inneheld det same lydinnhaldet og eitt bonusspor.

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
  • Konsertopptak frå Nassau Coliseum i Uniondale i New York, den 23. mars 1976.
Meir informasjon Nr., Tittel ...
  • Konsertopptak frå Nassau Coliseum i Uniondale i New York, den 23. mars 1976.

Luksusutgåve

Luksusutgåva kom med fem CD-plater, ein DVD og tre 12" LP-plater i ein solid boks. Han inneheld òg eit 24-siderfs hefte, ein plakat og to mapper med samlemateriale.

CD 1: Station to Station 2010 analog transfer

CD 2: Station to Station 1985 CD-master

CD 3: Station to Station sintelutgåve av fem spor EP

  1. «Golden Years»
  2. «TVC 15»
  3. «Stay»
  4. «Word on a Wing» (første gongen på CD)
  5. «Station to Station» (ikkje tidlegare utgjeven versjon)

CD 4 & 5: Live Nassau Coliseum '76

DVD

  1. Station to Station (original analog master, 96 kHz/24 bit LPCM stereo)
  2. Station to Station (ny Harry Maslin mix, 96 kHz/24 bit DTS 5.1 kringlydmiks)
  3. Station to Station (ny Harry Maslin mix, 48 kHz/24 bit Dolby Digital 5.1 AC3 kringlydmiks)
  4. Station to Station (ny Harry Maslin mix, 48 kHz/24 bit LPCM stereo)

LP 1: 180-grams 12" av Station to Station frå den originale analoge masteren i stereo

LP 2 & 3: 180-grams 12"-plater av Live Nassau Coliseum '76

Medverkande

Per plateomslaget og biografen Nicholas Pegg.[83][84]

Produksjon
  • David Bowie – produsent
  • Harry Maslin – produsent
  • Steve Shapiro – fotografi

Salslister

Meir informasjon Liste (1976), Plassering ...

Salstrofé og salstal

Meir informasjon Region, Salstrofé ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads