Papa Stronsay

From Wikipedia, the free encyclopedia

Papa Stronsay
Remove ads

Papa Stronsay (norrønt Papey Minni) er ei lita øy i Orknøyane i Skottland, nordaust for Stronsay. Ho er 74 hektar stor og det høgaste punktet ligg 13 meter over havet.

Kjappe fakta Geografi, Administrasjon ...

I følgje segnene skal somme av dei innfødde på øya avstamme frå ein kvinneleg selkie. Dette var fordi dei hadde hornaktig hud på føtene og hendene og alltid lukta fisk.[1]

Remove ads

Historie

Det ligg restar av to kapell på øya. Det eine er frå 1000-talet og det kan liggje eit piktisk kloster frå 700-talet under det. Andre gamle spor er vardar og ein gravhaug og fleire forlatne gardar.

Ragnvald jarl frå Kirkjuvág (Kirkwall) skal ha kome her litt før jul for å hente malt til julebrygginga.[2] Han vart seinare drepen i ei av kyrkjene på øya i 1046.

Thumb
Papa Stronsay frå lufta. Ein kan sjå klosteret øvst til høgre og Point of the Graand nede til høgre

Øya er frodig og vart eit senter for sildekonservering på 1700-talet. Ho vart fråreist i 1970-åra. Det har vore eit katolsk klostersamfunn på øya sidan 1999, Golgotha kloster, med base for 25 munkar frå heile verda. Klosteret driv mellom anna gardsdrift på øya.

Remove ads

Geografi og geologi

Berggrunnen på øya består av gammal raud sandstein.[1]

Ei smal landtunge svingar seg vestover frå hovudhamna på øya og sørover til Point of the Graand (eit lokalt ord som tyder «sandbanke»). Øya er generelt lågtliggande og det høgaste punktet er berre 13 meter over havet.

Det står ei 8 meter høg fyrlykt nordaust på øya.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads