Partiet Sentrum

From Wikipedia, the free encyclopedia

Partiet Sentrum

Partiet Sentrum er eit norsk politisk parti. Partiet blei oppretta av fleire tidlegare fylkestoppar frå Kristeleg Folkeparti, avhopparar frå Sosialistisk Venstreparti,[3] Arbeidarpartiet, Høgre[4] og Miljøpartiet Dei Grøne, i lag med tidlegare byråd for Arbeidarpartiet i Oslo Geir Lippestad. Ungdomsorganisasjonen til partiet er Unge Sentrum.[5] Partileiar er Geir Lippestad, mens Anders Møller-Stray er generalsekretær.

Kjappe fakta Land, Partileiar(ar) ...
Partiet Sentrum
Thumb
LandNoreg
Partileiar(ar)Geir Lippestad
GrunnleggjararGeir Lippestad
Grunnlagtseptember 2020
HovudkvarterOslo
Ungdomsorg.Unge Sentrum[1]
Medlemstal1 150 (2023)[2]
Ideologi
Farge     Raud
Lukk

I partiplattforma har Partiet Sentrum vedteke å vere eit blokkuavhengig sentrumsparti som legg berekraftsmåla til SN og menneskerettsfråsegna til grunn. Partiet er livssynsope.

Partiet Sentrum ønskte regjeringsskifte etter stortingsvalet 2021.[6] Partiet fekk 7 836 røyster (0,3 % oppslutning).[7]

Politisk plattform

I partiplattforma definerer Partiet Sentrum seg som eit blokkuavhengig sentrumsparti som legg berekraftsmåla til SN og menneskerettsfråsegna til grunn. Partiet skildrar seg vidare som livssynsope. Det har vidare programfesta støtte til LHBT+-rettar, medrekna styrking av helsetilbod og rettar for transpersonar. Partileiar Geir Lippestad har uttalt at «transpersoner i Norge er en marginalisert og sårbar gruppe (...) det er manglende aksept for gruppen som er utfordringen».[8]

Meiningsmålingar

Partiet Sentrum sikra seg i desember 2020 nok underskrifter til å stille med lister i alle fylke til stortingsvalet 2021.[9] I meningsmålingar vinteren 2020/21 blei partiet målt til mellom 0,0 og 0,7 prosents oppslutning.[10][11]

Norstat gjennomførte våren 2021 ei landsdekkjande undersøking på oppdrag frå Partiet Sentrum, for å svar på korleis partiet låg an før stortingsvalet 2021.[12] 2 % av dei 1000 spurte svara «ja» på spørsmålet om dei vurderte å røyste på partiet ved valet til hausten. 9 % svara «kanskje», og 13% svara «veit ikkje».[13]

Val

Ved stortingsvalet 2021 fekk Partiet Sentrum 7 836 røyster. Det gav ei oppslutning på 0,3 %.[7]

Ved kommunestyrevalet 2023 fekk partiet 11 254 røyster, og sju representantar valde inn. I Oslo stilte partileiar Geir Lippestad som fyrstekandidat. Han blei vald inn i Oslo bystyre som den einaste representanten for partiet.[14] Lippestad og partiet fekk kritikk for fokuset dei hadde hatt på veljarar i muslimske miljø i valkampen, særleg etter at dei fekk støtte frå den kontroversielle islamske organisasjonen Islam Net.[15] På slutten av valkampen gjekk byrådsleiar Raymond Johansen ut med kritikk av Lippestad og Partiet Sentrum sin flørt med Islam Net og kalla han «kynisk, og i verste fall farlig».[16]

I fylkestingsvalet 2023 fekk partiet 8 176 røyster, men ingen representasjon.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.