Passar

From Wikipedia, the free encyclopedia

Passar
Remove ads

Passar er ein enkel reiskap som blir brukt for å teikne sirklar og sirkelbogar og for å mæle og avsetje avstandar.

Thumb
Passar (på engelsk compass) med handtak og to bein eller stenger, den eine med spiss eller nål og den andre med ein blyant. Blyantbeinet teiknar ein sirkel på papiret når ein dreier han rundt beinet med spissen i midten. Avstanden mellom beina er radiusen i sirkelen.
Thumb
Ein stangpassar med skjerekniv og ein vanleg, enkel skulepassar
Remove ads

Konstruksjon og bruk

Ein passar er vanlegvis laga av metall, men kan òg vere av tre eller plast. Instrumentet består av to rette bein eller stenger som er spisse i den nedste enden og festet saman i eit bevegeleg ledd øvst. Den eine spissen er vanlegvis utstyrt med ein blyant eller penn for å kunne setje av ein strek. Når ein skal slå ein sirkel med ein passar, set ein beinet med den spisse enden i sentrum av sirkelen, trekkjer ut det andre beinet i passande radius og dreier det i ein ring omkring spissen i midten.

Passar brukast særleg som teiknereiskap i geometri og teknisk teikning, til dømes innan arkitektur, ingeniørkunst og konstruksjonar, men òg som hjelpemiddel i navigasjon og kartografi og dessutan som verktøy i tradisjonelt murarhandverk.

Remove ads

Historikk

Ordet passar kjem frå tysk og er danna av passe i tydinga «avpasse eller avmåle» etter den franske instrumentnamnet compas som kjem frå mellomalderlatin compassus som tyder «omkrins». Passar kunne på dansk òg syne til det «gaffelformede viserapparat på en skålvægt».

I gammal landmåling vart ein passar med lengd på 3 1/2 alen brukt til å mæle opp åkrar og liknande. Instrumentetui med passar, rissefjær og liknande teiknereiskap vart tidlegare ofte kalla sirkelbestikk eller berre bestikk.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads