Pasvikdalen
Pasvikelvas dalføre i Noreg, Russland og Finland From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Pasvikdalen er ein ca. 150 km lang dal langs Pasvikelva, som delvis dannar grenseelv mellom Noreg og Russland. Lengst i sør ligg Øvre Pasvik nasjonalpark, og herfrå fortset dalen inn i Finland og endar opp ved Enaresjøen.
Det veks furu- og bjørkeskog i dalen. Elles omfattar floraen og faunaen her fleire austlege innslag, som sibirgran og bisam. Klimaet i dalen er svært tørt, med ein årsnedbør på berre 400 mm. Han er den varmaste staden i Nord-Noreg om midtsommaren, med ein julinormal på 14 °C – omtrent det same som i Stavanger.
Remove ads
Geologi
I den sørlege delen av Pasvikdalen blei det for 2500 millionar år sidan avsett vulkanske og sedimentære bergartar som utgjør Petsamo-supergruppa. I overgangen frå arkeisk til proterozoisk tid blei det danna fleire store kroppar med lagdelt gabbro. Dette markerer byrjinga på strekking av jordskorpa og riftdanning langs ei sone som er 700–800 km lang.
Busetjing
Pasvikdalen var opphavleg ein del av den skoltesamiske Pasvik-siidaen. Etter grensedragninga mellom Noreg og Russland i 1826 vart siidaen delt og gjekk etter kvart i oppløysing. Frå sist på 1800-talet vart dalen folkesett av norske bureisarar frå andre delar av landet.[1] Dei største busetjingane i dag er Svanvik, Stenbakk, Sameti, Skogfoss og Vaggatem. Namnet Pasvikdalen eller berre Pasvik blir ofte brukt som fellesnamn for alle busetjingane i dalen.
Remove ads
Kjende pasvikingar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads