Paul Shaffer
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Paul Allen Wood Shaffer (fødd 28. november 1949) er ein kanadisk-amerikansk songar, skodespelar, stemmeskodespelar, forfattar, komikar og multi-instrumentalist som er mest kjend som bandleiar og sidekick for David Letterman under både Late Night with David Letterman (1982–1993) og Late Show with David Letterman (1993–2015).
Shaffer byrja karrieren sin i 1972 då Stephen Schwartz inviterte han til å vere musikalsk leiar for Toronto-produksjonen av Godspell. Han spelte så piano for Schwartz-showet på Broadway, The Magic Show i 1974, og vart så medlem av husbandet til Saturday Night Live (SNL) frå 1975 til 1980. Shaffer deltok òg ofte i sketsjane i showet.
Shaffer har òg spelt med mange andre artistar, som Donald Fagen, Ronnie Wood, Grand Funk Railroad, Diana Ross, B.B. King, Asleep at the Wheel, Cyndi Lauper, Carl Perkins, Yoko Ono, Blues Traveler, Jeff Healey, Cher, Chicago, Luba, George Clinton, Bootsy Collins, Nina Hagen, Robert Plant, Peter Criss, Scandal, Brian Wilson, Warren Zevon, Lew Soloff, Lou Marini og Earl Scruggs. I 1982 var han medlåtskrivar på «It's Raining Men» med Paul Jabara. Dette vart ein særs populær singel for The Weather Girls i 1984.
Remove ads
Diskografi
- 1989: Coast to Coast
- 1993: The World's Most Dangerous Party
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Paul Shaffer» frå Wikipedia på engelsk, den 31. oktober 2015.
Bakgrunnsstoff
- Paul Shaffer Bio på CBS – Late Show
- Paul Shaffer ved The Internet Movie Database (IMDb)
- Paul Shaffer på NNDB
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads