Paula

kvinnenamn From Wikipedia, the free encyclopedia

Paula
Remove ads

Paula er ei kvinneleg form av mannsnamnet Paulus, som tyder 'den vesle'. Pauline og Paulina er andre former.

Thumb
Sjølvportrett av målaren Paula Modersohn-Becker frå 1907.

Paula har namnedag den 22. mars i Noreg og den 22. juni i Sverige.

Bruk

Namnet er særleg utbreidd i sørlege romansk-språklege land, som Italia, Spania og Latin-Amerika. Frå 2002 til 2005 var det det tredje mest gjevne førenamnet i Spania. I USA var det særleg populært på midten av 1900-talet, med ein topp i 1950-åra.[1]

Paula har vore brukt i Skandinavia sidan 1700-talet. I Noreg blei det gjeve til 0,15 % eller fleire av alle nyfødde jenter frå 1900 til 1920. Deretter gjekk det gradvis nedover med bruken. Det er i dag om lag 900 norske kvinner som har Paula som førenamn (2007).[2]

Remove ads

I kulturen

Paula er namnet på ein roman frå 1995 av Isabel Allende, tileigna den avdøde dottera Paula Allende.

Dona Paula er namnet på eit strandområde i Goa i India. Staden er kalla opp etter Dona Paula de Menezes, dottera av den portugisiske visekongen som i følgje soga skal ha teke livet av seg her.

Kjende namneberarar

  • Julia Cornelia Paula var kona til keisaren Elagabalus av Romarriket
  • Den heilage Paula, italiensk helgen frå 300-talet
  • Paula Abdul (f. 1962), USA-amerikansk popsongar
  • Paula Gosling (f. 1939), britisk-amerikansk forfattar
  • Paula Modersohn-Becker (1876–1907), tysk ekspresjonistisk målar
  • Paula von Preradović (1887–1951), kroatisk-austerriksk forfattar
  • Paula Radcliffe (f. 1973), britisk idrettsutøvar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads