Pendulum av Creedence Clearwater Revival
studioalbum av Creedence Clearwater Revival From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Pendulum er det sjette studioalbumet til det amerikanske rockebandet Creedence Clearwater Revival, gjeve ut av Fantasy Records den 15. desember 1970 — det andre albumet deira det året. Ein singel frå albumet, «Have You Ever Seen the Rain?» i lag med «Hey Tonight», kom ut i januar 1971.
Remove ads
Oversyn
Pendulum var det einaste albumet av gruppa som ikkje inneheldt coverversjonar. Alle songane vart skrivne av John Fogerty. Det vart det siste albumet bandet gjorde med Tom Fogerty, som slutta for å satse på ein solokarriere. Det var òg det siste albumet med John Fogerty som einaste produsent.
Creedence nytta fleire instrument enn dei tidlegare hadde gjort på dette albumet, mellom anna med blåseinstrument og klaverinstrument, i motsetnad til tidlegare album som var dominert av gitar. Blant fleire mindre kjende Fogerty-songar («Pagan Baby», «Sailor's Lament», «It's Just a Thought», «Born to Move») inneheldt albumet to Topp 10-hittar, «Hey Tonight» og «Have You Ever Seen the Rain?». Begge songane nådde åttandeplassen i 1971. Han inneheld òg det avantgarde, psykedeliske musikkstykket «Rude Awakening #2».
Remove ads
Produksjon
Albumet vart spelt inn i Wally Heider Studios i San Francisco, og tok ein månad å fullføre—ei uvanleg lang tid for bandet. På tidlegare album, øvde gruppa på songane før dei gjekk i studio. Men på Pendulum lærte bandet seg songane medan dei var i studio.[4] Det første opptaket av ein song vart framført av heile bandet,[5] før dei forskjellige medlemmane la til forskjellige instrument og ekstra song-spor, som saksofonar, som vart spelt av John Fogerty sjølv, i tillegg til mykje bruk av klaverinstrument, spelt av Fogerty og Cook.[4]
Albumet nådde toppen av salslistene i Australia og Noreg.
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av J. C. Fogerty
Medverkande
- John Fogerty – vokal, sologitar, blåseinstrument, klaverinstrument, produsent, arrangør
- Doug Clifford – Trommer, perkusjon
- Stu Cook – bass
- Tom Fogerty – rytmegitar, utanom spor 13
Andre medverkande
- Ed Caraeff – fotografi og plateomslag
- Russ Gary – lydteknikar, miksing
- Kevin L. Gary – lydteknikar
- Steve Hoffman – lydteknikar
Lister
Album
Singlar
Remove ads
Salstrofé
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads