Penicillinallergi
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Penicillinallergi er ein lækjemiddelrelatert attåtverknad som oppstår ved bruk av penicillin.

Vanlege attåtverknadar (≥1 % av pasientar) ved bruk av penicillin er diaré, hypersensitivitet, kvalme, utslett, nevrotoksisitet, elveblest og superinfeksjon (inkludert candidiasis). Uvanlege attåtverknadar (0,1-1 %) inkluderer feber, oppkast, erytem, eksem, angioødem, anfall (særleg hjå personar med epilepsi) og pseudomembranøs kolitt.[1]
Smerte og betennelse rundt injeksjonsstaden er vanleg for parenteralt administrert benzatinbenzylpenicillin, benzylpenicillin og, i mindre grad, prokainbenzylpenicillin.
Penicillin er den høgst rapporterte allergien. Mindre enn 20 % av alle pasientar som trur dei har penicillinallergi er eigentleg allergiske;[2] penicillin er likevel den vanlegaste årsaka til alvorlege lækjemiddelreaksjonar. Det oppstår ein immunologisk reaksjon mot Streptolysin S, eit toksin sloppe ut av visse daude bakteriar, som kan føre til fatale kardiale synkopar.[3]
Allergiske reaksjonar mot β-laktam-antibiotika kan oppstå hjå bortimot 1 % av pasientar.[4] Den allergiske reaksjonen er ein type I hypersensitivitet. Anafylaksi oppstår hjå kring 0,01 % av pasientar.[1] Tidlegare rekna ein med at det var bortimot 10 % kryssfølsemd mellom penicillin-derivat, cefalosporiner og karbapenemer, sidan desse deler ein felles β-laktam-ring.[5][6] Nyare forsking viser likevel inga kryssfølsemd for andregenerasjonscefalosporiner eller nyare typar.[7][8] Nyare forsking har vist at ein viktig funksjon ved bestemminga av immunologiske reaksjonar er likskapen mellom sidekjeda i fyrstegenerasjonscefalosporiner og penicillin, i staden for β-laktam-strukturen dei delar.[9]
Remove ads
Sjå òg
- type I hypersensitivitet
- lækjemiddelallergi
- betalaktamase
- lækjemiddelintoleranse
- matallergi
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads