Pentlanditt
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Pentlanditt er eit bronsegult, metallisk mineral, eit jernnikkelsulfid, (FeNi)9S8, med kubisk symmetri. Det opptrer samanvekst med pyrrhotitt i førekomstar knytet til gabbromassiv, og er den viktigaste nikkelerts, og finst mellom anna i Sudbury i Ontario i Canada; Petsjenga i Russland og det var tidlegare drift på ei rekkje førekomstar i Noreg.
Mineralet vart først påvist og skildra frå Espedalen nikkelgruve under namnet jernnikkelkis av K. J. A. T. Scheerer i 1843. Det er kalla opp etter den irske naturforskaren Joseph Barclay Pentland (1797–1873).
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads