Per Arne Dahl
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Per Arne Dahl (fødd 18. august 1950) er ein norsk forfattar, prest og tidlegare biskop i Den norske kyrkja.
Remove ads
Bakgrunn
Dahl vart fødd i Sarpsborg og voks opp på Gjøvik, Vålerenga i Oslo og Kolbotn. Han utdanna seg til cand. theol. ved Det teologiske Menighetsfakultet i 1974, og vart ordinert som prest i 1975.[1]
Virke
Prest og biskop
Frå 1980 leia Dahl Institutt for Sjelesorg. Frå 1995 var han leiar for Samlivssenteret Modum Bad.[1] Han vart kyrkjelydsprest i Åmot i 2000, og vart sentrumsprest ved Trefoldighetskyrkja i Oslo i 2006.[1] Her hadde han òg ansvaret for prestetenesta på Stortinget. Han vart fast tilsett som stortingsprest i 2009. Frå 2013 var han domkyrkjeprest i Oslo.[1]
Dahl har vore nominert ved fleire bispeval i Den norske kyrkja. Han fråsa seg nominasjon ved bispeutnemningane i Oslo og Borg i 2005. Den 12. mars 2014 vart Dahl vald til å etterfølgje Laila Riksaasen Dahl som biskop av Tunsberg. Han vart vigsla som biskop 21. september 2014 og gjekk av i august 2018.[2][3][4]
Forfattar og debattant
I 2003 vart Dahl utnemnd til statsstipendiat med verknad frå 2004. Ved kunngjeringa vart det peika på at han med det allsidige virket sitt har vore med å sprengje grenser når det gjeld kommunikasjon mellom kyrkje og folk. I 1999 fekk han Petter Dass-prisen for arbeid med å formidle tru og verdiar i skrift og tale.
Dahl har skrive ei rekkje bøker. Per Arne Dahl er òg kjent for eit mangeårig engasjement som spaltist i Aftenposten si søndagsutgåve saman med teiknaren Ulf Aas. Han har dessutan vorte brukt flittig som andaktshaldar i NRK, og vore engasjert i sjelesorg og krisar. Han var òg medem av Verdikommisjonen som Regjeringa Bondevik oppnemnde.
Han er gift med Anne Dahl, som òg er teolog og familieterapeut.
Remove ads
Bibliografi
- Oss syndere imellom. Luther forlag, 1981
- Den store kjærligheten : vi kan lære å elske. Schibsted, 1998 ISBN 82-516-1713-8 (ebok ved nb.no)
- Hvorfor har vi det ikke bedre når vi har det så godt? Schibsted, 2002 ISBN 82-516-1963-7
- Hva skal vi med stjerner nå?. Med Espen Olafsen. Schibsted, 2007 ISBN 978-82-516-2442-8
- Livet vil oss noe, Schibsted, 2004 ISBN 9788251623964
- Velsignet er de enkle ting, Schibsted, 2008. ISBN 9788251625609
- Å våge livet en gang til: den overraskende nåden, Schibsted, 2014. ISBN 9788251656252
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads