Per Schei

From Wikipedia, the free encyclopedia

Per Schei
Remove ads

Peder Elisæus Schei (18751905) var ein norsk geolog som først og fremst er kjend for bidrag til arktisk geologi under den andre Fram-ferda (1898-1904).[1]

Kjappe fakta
Thumb
Per Schei (1875-1905) ved leiren på Braskerudflya på Nunavut i Canada1899, under 2. Fram-ferda leia av Otto Sverdrup.

Per Schei vart fødd på Snåsa, men flytte som treåring med familien til ein gard på Sparbu. Han budde også ei tid hjå tanta i Danmark i oppveksten før han reiste til Kristiania for å studera.[2] Han avla bergeksamen ved universitetet i Kristiania i 1898. Same året la han ut med Otto Sverdrup på den 2. Fram-ferda. Eskspedisjonen, som varte i fire år, kartla øyane i Arktis nord for det Nord-Amerikanske fastlandet. Schei «gjorde der eit uvanleg godt arb. og samla eit stort vitsk. tilfang».[3]

Han var særleg sett pris på av Sverdrup for gode evner på vekelange sledeturar.[4] Etter at ekspedisjonen kom tilbake i 1902 vart han vald til å vera hovudredaktør for dei vitskaplege avhandlingane som skulle gjevast ut. Han vart også utnemnd til amanuensis ved Mineralogisk institutt same året. Ei avhandling om funna i Arktis vart prenta i det britiske tidsskriftet Geographical Journal (Volume 22, no. 1, s. 56-65)[5] i 1903, etter at Schei og Sverdrup i London hadde halde foredrag om ferda.

Schei døydde av nyresjukdom allereie i 1905.[6]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads