Per Ung
norsk bilethoggar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Per Erik Ung (5. juni 1933–20. juni 2013)[1] var ein norsk bilethoggar og grafikar frå Oslo.
Ung vart utdanna ved Statens Handverks- og Kunstindustriskole under Torbjørn Alvsåker 1951 og Statens kunstakademi under Per Palle Storm 1952-55. Mellom dei offentlege arbeida hans er:
- Johanne Dybwad utanfor Nationaltheateret, 1959-61
- Märtha Louise og Haakon Magnus, portrettstatuar, Skaugum, 1976–77
- Sonia Henie ved Frogner stadion, 1985
- Birger Ruud, Kongsberg, 1987
- Fridtjof Nansen, Oslo og Vardø, 1993
- Verdens Gang, gruppe, VG-huset, 1994
- Henrik Ibsen, portrettbyste, Skien og Oslo, 1997
- Selfangstmonumentet, Alta, 1999
I 1991 vart det gjeve ut ein biografi om Per Ung av Arvid Møller. Den 1. november 2007 vart Ung utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.
Remove ads
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads