Arvid Møller

From Wikipedia, the free encyclopedia

Arvid Møller
Remove ads

Arvid Møller (14. oktober 193926. september 2020) var ein norsk journalist og forfattar busett på Lillehammer.

Kjappe fakta

Møller var ein av dei mest lesne og mest produktive forfattarane i Noreg, med meir enn 100 bøker bak seg. Han spesialiserte seg på biografiar om kvardagsheltar og «vanlege» menneske som har gjort ein stor innsats, t.d. industrigründarar, misjonærar, husmannskjemper og kunstnarar. Møller har òg gjeve ut ei stor mengd dokumentarbøker om ei rekkje ulike emne, m.a. kunst og natur. Dessutan har han skrive fleire bøker om medlemmer av kongehuset.

Møller mottok Kulturprisen for Gudbrandsdalen, og Kongens fortenestmedalje i gull for forfattarskapen sin. Lom kommune gjorde i tillegg Møller til ambassadør for Lom for å ha skrive minst ti bøker om miljø og personar i Lom.

I fylgje TV2 var Møller frimurar.

Remove ads

Eit utval bøker av Møller

  • Taterdronningen: Marie Lovinie, Stor-Johans datter (1974)
  • Gjendine (1976)
  • Lina på prærien (1979)
  • Jo Gjende (1979)
  • Høvding Herman (1980)
  • Sigurd fra Klevfos (1983)
  • Veidemann på vidda - en bok om Lars Vivelid på Hardangervidda (1984)
  • Senorita Sigrid (1985)
  • Per Ung (1991)
  • Dronning Maud. Et portrett (1992)
  • Lefse-Bertha (1993)
  • Dronning Sonja 25 år som landets førstedame (1993)
  • Jotunheimens døtre (2001)
  • Alvheim (2005)
  • Øystein Laupsa - Bilethoggar (2008)
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads