Perdita Felicien

From Wikipedia, the free encyclopedia

Perdita Felicien
Remove ads

Perdita Felicien (fødd 29. august 1980) er ein kanadisk tidlegare friidrettsutøvar frå Pickering i Ontario-provinsen som vart verdsmeister på 100 meter hekk i 2003 og vann sølv i øvinga fire år seinare.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Felicien vart nummer to på korthekken i dei panamerikanske leikane i byrjinga av august 2003, slått med tre hundredels sekund av Brigitte Foster-Hylton frå Jamaica. Tre veker seinare, under verdsmeisterskapen i Paris, kjempa dei same to utøvarane om dei gjevaste medaljane i øvinga, og her vann Felicien gullet med fire hundredels margin. Litt over eit halvår seinare vann Felicien også 60 meter hekk då innandørs-VM 2004 fann stad i Budapest. I sommarsesongen 2004 sette ho personleg rekord på 100 meter hekk med 12,46 sekundar i eit stemne i Eugene i delstaten Oregon i USA. Ho var ein av dei største favorittane i OL i Aten, men ei elendig fyrste hekkepassering gjorde at ho fall og samstundes øydela for Inna Sjevtsjenko i løpebana utanfor.

Etter eit par svakare sesongar kneip Felicien sølvmedaljen på 100 meter hekk under verdsmeisterskapen 2007 i Osaka, tre hundredels sekund bak vinnaren, men berre eitt og to hundredels sekund framom høvesvis nummer tre og fire i løpet. Grunna skade deltok ho ikkje i Beijing-OL 2008. Året etter nådde ho VM-finalen på korthekken i Berlin, men atter slurva ho med hekkepasseringane og vart desidert sist.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads