Periglasial

From Wikipedia, the free encyclopedia

Periglasial
Remove ads

Periglasial (samansett av gresk peri, «rundt om» og latin glacies, «is») er eit omgrep som opphavleg vart nytta innan glasiologien om klima, landformer og geomorfologiske prosessar som oppstår i nærleiken av isbrear. Omgrepet vart innført av den polske forskaren Walery von Lozinski i 1909[1] for å beskrive frostforvitringsprosessar i Karpatane.[2]

Thumb
Eit eineståande periglasialt landskap ved Tuktoyaktuk i Nordvestterritoria i Canada. Vi ser ein pingo (høgda) og ei mengd polygone iskiler.

Denne snevre bindinga til område som ligg i randsonene til isbrear er ikkje lengre ein del av definisjonen då den avgjerande faktoren er frost og aktive frostprosessar som forvitring og erosjon. Som periglasiale område reknar ein no stader som er kraftig nedfrosne i periodar av året.[3][4] Slike frostprega område kan ligge langt frå dagens eller tidlegare tiders isbrear, til dømes i det sentrale Sibir.

Periglasiale prosessar skjer der det er permafrost, dvs der undergrunnen er djupfrosen enten heile eller delar av året. Om sommaren tiner det øvre laget opp og vert utsett for fluviale erosjonsprosessar, for landmassar i rørsle og ved alvorleg tørke for sandflukt. Desse prosessane skapar karakteristiske sedimentære og geomorfologiske landskapsformer.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads