Perm oblast
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Perm oblast[a] var ein provins (oblast) i Russland og eit av dei 89 føderale subjekta i den Russiske føderasjonen inntil 1. desember 2005. Hovudstaden var Perm, arealet 160 237 km² og innbyggjartalet i 2002 var 2 820 000.

Remove ads
Perm oblast låg helt i aust i Europa der den store russiske sletta møter Uralfjella. Russisk busetjing i dette området starta på 1500-talet. I 1780 vart provinsen Perm oppretta. Perm oblast vart oppretta i 1938.
83,8 % av innbyggjarane var russarar (2001), 4,9 % tatarar og 4,0 % komipermjakar.
Området har rike mineralforekomstar, her blir det utvunne m.a. olje gass, kol, krom og diamantar.
Som resultat av ei folkeavrøysting i 2004 vart Perm oblast den 1. desember 2005 slått saman med Komi-Permjakia til Perm kraj. Det nye området har hovudstad i Perm.
Remove ads
Merknader
- russisk Пермская область Permskaja oblast
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads