Saturday in the Park
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Saturday in the Park» er ein song skriven av Robert Lamm og spelt inn av gruppa Chicago i 1972 for albumet Chicago V.
Remove ads
Bakgrunn
«Saturday in the Park» gjorde det særs godt då han kom ut og nådde tredjeplassen på den amerikanske Billboard Hot 100,[1] den høgaste plasseringa bandet hadde hatt til då, og dette var med på å løfte albumet opp til toppen av albumlista.[2] Billboard rangerte songen på 76. plassen for heile 1972.[3] Singelen selde til gullplate for 1 million selde eksemplar i USA aleine.[4]
I følgje Chicago-medlemmet Walter Parazaider, vart Lamm inspirert til å skrive songen under innspelinga av V i New York City den 4. juli 1971 (ein sundag):
« | Robert kom attende til hotellet etter ein tur til Central Park og var begeistra etter å ha sett ei gruppe steel-trommer, songarar, dansarar og gjøglarar. Eg sa 'Du må lage musikk til dette![5] | » |
Linja «singing Italian songs» vert etterfølgd av «Eh Cumpari» og så fleire ord på tulle-italiensk, som i teksten på omslaget berre står som «?». Men i ein film av ein konsert der Chicago spelar «Saturday in the Park» i Arie Crown Theater i Chicago i 1972, er det tydeleg at Robert Lamm syng, «Eh Cumpari, ci vo sunari,» den første linja av songen «Eh, Cumpari!», som vart gjort kjend av Julius La Rosa i 1953.
«Saturday in the Park» har blitt brukt i ein populær reklamefilm i Japan. Songen vert òg spelt ved fleire baseball-stadion i USA når det er kampar på laurdag ettermiddag.
Pianoriffet i opninga vart sampla av Jill Sobule for songen hennar «Cinnamon Park» i 2004 på, Underdog Victorious.
Remove ads
Medverkande
- Robert Lamm – solovokal, piano
- Peter Cetera – solovokal (refreng), korvokal, bass
- Terry Kath – elektrisk gitar, korvokal
- Lee Loughnane – trompet
- James Pankow – trombone
- Walter Parazaider – altsaksofon
- Danny Seraphine – trommer, congatrommer
Andre versjonar
Andre artistar som har spelt inn denne songen er
- Det australske bandet The Nissan Cedrics på albumet deira Going for a Song (1997)
- Det amerikanske acapella-bandet Xtension Chords på albumet deira The Best of X (2003)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads