Peter Murphy

britisk songar From Wikipedia, the free encyclopedia

Peter Murphy
Remove ads

Peter John Joseph Murphy (fødd 11. juli 1957) er ein engelsk songar. Han var vokalist i rockegruppa Bauhaus og gav seinare ut fleire soloalbum som Deep og Love Hysteria. Med ein tynn utsjånad, utsåtande kinnbein, ein barytonstemme og ein hang til dystre tekstar, vert Murhpy ofte kalla «gudfaren av goth»[1][2] Bauhaus var eit av banda som var med på definere goth-miljøet.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Bauhaus vart oppløyste i 1983 og Murphy gjekk vidare med andre prosjekt og danna Dali's Car med Mick Karn, bassisten i Japan. Dei gav berre ut eitt album. Solokarrieren til Murphy var langt meir variert enn Bauhaus, og varierte frå nesten popmusikk til stemningsfylte balladar som synte den djupe og komplekse vokalen hans. Det første albumet hans var Should the World Fail to Fall Apart med ein versjon av Pere Ubu sin «Final Solution», som vart ein liten hitt i klubbmiljøet. Oppfølgjaren Love Hysteria vart som debutalbumet stort sett oversett, men gjorde det noko betre i USA enn i heimlandet. Høgdepunktet til Murphy som soloartist var albumet Deep, som gav han hitsingelen «Cuts You Up», som nådde toppen av Modern Rock Tracks-lista i USA.

Murphy konverterte til islam frå katolisisme i 1990-åra og flytta etter kvart til Tyrkia med kona si.

Bauhaus vart gjenforeint i 1998 for ein turne, og igjen i 2006 for ein turne med Nine Inch Nails.

Remove ads

Diskografi

Album

  • Should the World Fail to Fall Apart (1986) (UK #82)
  • Love Hysteria (1988)
  • Deep (1990)
  • Holy Smoke (1992)
  • Cascade (1995)
  • Dust (2002)
  • Unshattered (2004)
  • Ninth (2011)

Konsertalbum

  • A Live Just for Love (live) (2001)

Samlingar

  • Wild Birds: 1985-1995 (2000)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads