Peter Opsvik

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Peter Opsvik (25. mars 193930. september 2024) var ein norsk industridesigner og jazzsaksofonist.[1][2] Særleg kjend var han som formgjevar av Tripp trapp-stolen.[3]

Kjappe fakta
Remove ads

Bakgrunn

Peter Opsvik vart fødd i 1939 på Stranda.[4][5] Onkelen Jon Ringstad etablerte møbelfabrikken Stranda Industri A/S der faren Nils etter kvart vart medeigar, og Opsvik fatta tidleg interesse for design. Han vart utdanna ved Bergen kunsthåndverkskole (1959–63) og Statens håndverks- og kunstindustriskole (1963–64), og var innom Volkvangschule für Gestaltung i Essen på stipend frå Norsk designråd.

Design

Hans første jobb som formgjevar var i Tandbergs Radiofabrikk, der han teikna bærbare radioar som modellen PT3-3 (1965–70).[6] Rundt same tida byrja han også å arbeide frilans, og designa stolar både for familiens møbelfabrikk (deriblant Ungdomsstolen, 1968) og Stokke AS (stolane Oase og Inka, 1967).

I 1970 starta han sitt eiget designfirma med stolen Mini max, som kan reknast som ein forløpar til hans mest kjente verk, barnestolen Tripp trapp (1972). Ideen til denne oppstod då han vart far og nytta telefonkatalogar til å tilpasse sitjehøgda på stolar sonen Tor kunne sitje på. Til trass for tidleg skepsis tok salet av då stolen vart vist i NRK fjernsyn, og frå 1972 til 1973 auka salet frå 3 til 10 000.[6] I dag er Tripp Trapp er den mest selde stolen produsert i Noreg, med fleire millionar sal verda over.[2]

Sentralt for arbeidet til Opsvik er studier av ergonomi og ulike sitjestillingar for det same møbelet, og i boka Rethinking Sitting (2008) oppsummerar han sitt mantra som «den beste stillinga er den neste». «Balans®»-stolene Variable (1979), Gravity (1983) og Thatsit (1991) produsert av Stokke i samarbeid med Hans Christian Mengshoel. Kontorstolen Credo og Capisco vart produsert av HÅG, som Opsvik også har gjort andre design for. Den spiralfjæra Flysit (1990), gyngestolen Actutulum (1995) og hengestolen Swing, inspirert av indiansk kunst fra Mexico (1999) er andre kjende namn. I tillegg til møblar har Opsvik også designa den solkraft-drevne bilen Butterfly og ulike lydskulpturar.[2]

Thumb
Tripp trapp-stolen i sitt naturlege habitat.
Remove ads

Musikk

Som klarinettist og saksofonist i Christiania Jazzband og Christiania 12 medverka han på ei rekke festivalar og innspelingar. Christiania Jazzband fekk Spellemannprisen for Årets jazzplate i 1973.[6]

Familie

Han er far til musikaren Eivind Opsvik.[7][8]

Priser

  • Balans-gruppen (Hans Chr. Mengshoel, Opsvik, Svein Gusrud og Oddvin Rykken) vann Jacobprisen i 1986.
  • Årets møbel for stolen Oposit på Den norske møbelmessa i 1989.
  • Norsk designråds «Merket for god design» fleire gongar mellom 1972-2011[9]
  • Torsten og Wanja Söderbergs pris i 2000
  • Klassikerprisen fra Norsk Designråd for Tripp Trapp 1995, for Håg Capisco 2001, og for Håg Balanse 2003[9]
  • Nordiska Designpriset i 2007, som delast ut på møbelmessa i Stockholm
  • Anders Jahres kulturpris 2008.[10]
  • Jacobprisen 2012 for Tripp Trapp[11]
Remove ads

Bibliografi

  • Peter Opsvik. Rethinking sitting. Gaidaros forlag, 2008. 206 sider. ISBN 978-82-8077-119-3
  • Peter Opsvik, Norge : Torsten och Wanja Söderbergs pris 2000. Lars Elton og Peter Opsvik. Göteborg: Röhsska museet, 2000. 31 sider. Parallell tekst på svensk og engelsk. ISBN 91-973017-3-6
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads