Stranda kommune
kommune i Møre og Romsdal fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Stranda er ein kommune i Møre og Romsdal. Han ligg ved Storfjorden på Indre Sunnmøre. Kommunesenteret er Stranda. I kommunesenteret og bygdene rundt bur det knapt 3 400 innbyggjarar, men bygdene Geiranger (250 innbyggjarar), Hellesylt (680 innbyggjarar), Liabygda (260 innbyggjarar) ligg òg i kommunen. Sentrum med kyrkja er oppført på garden Sløgstad (òg kalla Slyngstad). Den første postadressa (namnet på postopneriet) var «Slyngstad» eller «Slyngstad i Stranden», frå 1876 berre kalla «Stranden», endra til «Stranda» i 1921.[2]
Remove ads
Geografi
- For meir om dette emnet, sjå Høgaste fjella i Stranda.
Fjellområdet Åkerneset i Sunnylvsfjorden er rekna som ustabilt, og eit ras der kan skapa ei flodbølgje som vil ramma fleire av tettstadene. Fjellet er derfor nøye overvaka.[3]
Næringsliv og utdanning
Stranda har to vidaregåande skular: Den private kristne internatskulen Vestborg vidaregåande skule og den fylkeskommunale Stranda vidaregåande skule.
Industriverksemd er hovudnæringa i kommunen, og i tillegg til kjøt- og møbelindustri ligg mellom anna den største fabrikken for frosen pizza i Noreg her. Der lagar dei den kjende Grandiosa-pizzaen.
Reiselivsnæringa har lange og sterke tradisjonar i kommunen. Geiranger vart tidleg eit reisemål, og alt i 1869 kom det første skipet med utanlandske turistar til Geiranger. I dag er Geiranger nest største cruisehamna i Noreg med om lag 200 cruiseskip-anløp kvart år. I tillegg kjem dagleg anløp av hurtigruta. I alt gjestar om lag 700 000 turistar kvar sommar Geiranger.
Fossar, fjord, fjell og fråflytte fjellgardar som klorer seg fast i bratthenga, har gitt Geirangerfjorden oppnamnet «Verdens vakraste fjord».[treng kjelde] Han står på UNESCO si verdsarvliste og mesteparten av Geirangerfjorden delområde av Vestnorsk fjordlandskap ligg innanfor Stranda kommune.
Den ideelle organisasjonen Storfjordens Venner har i ei årrekkje restaurert fleire av dei fråflytte fjellgardane, mellom anna ved hjelp av midlar frå Riksantikvaren og friviljugt arbeide.
Remove ads
Folketalsutvikling
Folketalsutvikling for noverande Stranda kommune frå 1900:
Kjende folk frå Stranda kommune
- Nils E. Ringset (1886–1976), bonde, venstrepolitikar og organisasjonsmann
- Olav Oksvik (1888–1958), første Ap-parlamentarikar frå landdistrikta i Møre og Romsdal (Bolsøy)
- P.I. Langlo (1892–1940), føregangsmann og grunnleggjar av norsk møbelindustri
- Kristian Langlo (1894–1976), venstrepolitikar, rektor og ordførar
- Inge Hermann Langlo (f. 1933), tidleaare møbelprodusent
- Oddbjørn Sverre Langlo (1935–2004), høgrepolitikar
- Asbjørn Gjærde (f. 1939), journalist og forfattar
- Peter Opsvik (f.1939), møbeldesignar
- Per Vassbotn, (f. 1941), journalist, forfattar og kommunikasjonsdirektør
- Are Kalvø (f. 1969), komikar og forfattar
- Margreth Olin (f. 1970), filmregissør
- Petra Hellesylt Sæther (f. 1907), jordmor
- Bjarne Solbakken, idrettsutøvar
- Pål Øie, filmregisssør
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads

