Peter Selzer
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Wolfgang Peter Selzer (fødd 25. juni 1946) er ein tysk tidlegare kappgjengar frå Torgau i Sachsen som vann ein sølvmedalje og to bronsemedaljar i europameisterskapane 1969-74, alle 50 km. Han representerte Aust-Tyskland.
Peter Selzer vart austtysk meister i 50 km kappgang i 1966, 1967 og 1973. Under dei olympiske sommarleikane 1968 i Mexico vart han fjerdemann på same distansen. Året etter gjekk han inn til sølv i europameisterskapen i Aten, frågått einast av landsmannen Christoph Höhne. To år seinare måtte dei to austtyskarane eitt trinn ned på sigerspallen i den neste europameisterskapen, i Helsinki var det Venjamin Soldatenko frå Sovjetunionen som gjekk fortast. Etter ein femteplass i Sommar-OL 1972, lukkast Selzer i 1974 take ein tredje EM-medalje i rad, ein ny bronsemedalje.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Peter Selzer» frå Wikipedia på tysk, den 7. juni 2019.
- «Peter Selzer» (på engelsk). Olympedia.org. Henta 18. april 2024.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads