Petronella Barker

norsk skodespelar From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Petronella Barker (fødd 29. oktober 1965) er ein norsk skodespelar. Ho har hatt ei rekkje hovudroller ved ulike teater i Oslo og har spelt i filmar og på fjernsyn.

Kjappe fakta
Remove ads

Personleg bakgrunn

Barker er fødd i Colchester i England og voks opp på Kråkerøy i Fredrikstad. Ho tok dramautdanning ved Statens Teaterhøgskole i Oslo frå 1985 til 1988.

Barker har eitt barn, Billie. I 2006 vart ho sambuar med den tidlegare Bellona-tilsette Viktor Jakobsen.

Karriere

Petronella Barker filmdebuterte i 1985 i den norsk-russiske filmen Dragens fange. Seinare har ho mellom spelt i Lasse Glomm sin framtidsfabel Sweetwater (1988), Havet stig (1990), actionthrilleren Farlig farvann (1995), Thranes metode (1998) og Hawaii, Oslo (2004).

I 1988 scenedebuterte Barker på Teatret Vårt, der ho mellom anna medverka i Naku-prosjektet. I 1990 vart ho tilsett ved Oslo Nye Teater og i 1996 vart ho tilsett ved Nationalteatret. Ho har også spelt ved Det Norske Teatret, Göteborgs Stadsteater og Svenska Riksteatern. Barker har hatt fleire Shakespeare- og Ibsen-rollar og har også spelt Dostojevskij, Tsjekhov, Eugene O'Neill, Hamsun og Tarjei Vesaas. Ho har også spelt barneteater.

Barker fjernsynsdebuterte på NRK Fjernsynsteatret i 1989 i Ola Bauer sin Sabeltigerens sønn med regi av Jørgen Kiønig. Seinare har ho vore med i Fire høytider (2000) og miniserien Kodenavn Hunter (2007).

Barker gav røyst til April Ryan i den norske versjonen av PC- og x-box-spelet Drømmefall - Den Lengste Reisa (Dreamfall - The Longest Journey), som vart utgjeve i 2006.

Remove ads

Verkliste

Filmar

  • Dragens fange (1985)
  • Sweetwater (1988)
  • Havet stiger (1990)
  • De blå ulvene (1993)
  • Fatherland (1994)
  • Farlig farvann (1995)
  • Gåten Knut Hamsun (1996)
  • Thranes metode (1998)
  • Musikk for bryllup og begravelser (2002)
  • Hawaii, Oslo (2004)
  • Den brysomme mannen (2006)

Fjernsyn

  • Sabeltigerens sønn (Fjernsynsteatret) (1989)
  • Radio 2 (1995) (gjesterolle)
  • De 7 dødssyndene (i delen «Misunnelse», 2000)
  • Fox Grønland (TV-serie, 2001, fleire gjesterollar)
  • Kodenavn Hunter (mini-serie), NRK 2007)

Skodespel

Meir informasjon Rolle, Stykke ...
Remove ads

Anna

  • Røysta til April Ryan i Drømmefall - Den Lengste Reisa (Dreamfall - The Longest Journey) frå 2006

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads