Phil Thompson
britisk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Philip Bernard Thompson (fødd 21. januar 1954) er ein engelsk tidlegare fotballspelar frå Kirkby. Han var midtstoppar på Liverpool FC sitt sigerrike lag i tida frå 1972 til 1983. Perioden 1976-82 spelte han 42 landskampar for England.
Remove ads
Thompson tok plass som Liverpool-midtstoppar allereie 19 år gammal. Våren 1974 gjorde han ein god kamp då Liverpool slo Newcastle United 3 – 0 i FA-cupfinalen. To år seinare deltok han i UEFA-cuptriumfen mot Club Brugge. Delar av 1976/77-sesongen gjekk han skadd, han stod såleis over både den tapte FA-cupfinalen og sigersfinalen i europacupen. Året etter spelte han heile kampen då Liverpool på ny vann europacupfinalen. Frå 1979 til 1981 var Thompson Liverpool sin lagkaptein. I den eigenskap fekk han i 1981 lyfte pokalen etter laget hans vann europacupen i fotball for tredje gong. Utover i 1983 hamna han oftare på reservebenken og i desember 1984 gjekk turen til Sheffield United og 2. divisjon. Han la opp ved sesongslutt i 1986.
Remove ads
Thompson var engelsk landslagsspelar frå mars 1976 til november 1982. I denne tida deltok han i 42 kampar, skåra 1 landslagsmål. Målet kom då England slo Italia 3 – 2 under ei turnering i USA i 1976. Thompson var lagkaptein i 6 kampar, mellom anna då England slo Noreg 4 – 0 i ein VM-kvalifiseringskamp på Wembley stadion i september 1980. Han spelte òg for England då returoppgjeret på Ullevål stadion 9. september 1981 enda med engelsk tap 1 – 2. Under VM i fotball 1982 hadde Thompson fast plass i den engelske fyrsteellevaren.
Remove ads
- Vinnar av Europacupen i fotball: 1977, 1978 og 1981 for Liverpool FC
- Vinnar av UEFA-cupen: 1973 og 1976 for Liverpool FC
- Ligameister: 1973, 1976, 1977, 1979, 1980, 1982 og 1983 for Liverpool FC
- Vinnar av FA-cupen: 1974 for Liverpool FC
- Vinnar av den engelske ligacupen: 1981, 1982 for Liverpool FC
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Phil Thompson» frå Wikipedia på engelsk, den 4. november 2021.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads