Fotball-VM 1982
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Verdsmeisterskapen i fotball 1982 vart avvikla i Spania i tida 13. juni til 11. juli 1982. Italia vann sin tredje VM-tittel etter finalesiger 3-1 over Vest-Tyskland.

For fyrste gong deltok 24 land i verdsmeisterskapen, desse var inndelt i seks grupper med fire land i kvar. Dei to beste i kvar gruppe gjekk vidare til ei mellomrunde med fire grupper, kvar av dei med tre deltakarland. Vinnarane av dei fire gruppene i mellomspelet møttest så til to semifinalar.
I semifinalane vann Italia 2-0 over Polen, medan Vest-Tyskland slo ut Frankrike i straffetevling. Den siste kampen vart høgdramatisk; den vesttyske målvakta Harald Schumacher felte franske Patrick Battiston som var i ferd med å skåre eit «opplagt» mål på stillinga 1-1 i ordinær tid, og i ekstraomgangane tok Frankrike leiinga 3-1 før vesttyskarane reduserte og så utlikna til 3-3.
Bronsekampen i Alicante enda med polsk siger 3-2 over Frankrike.
Dei 52 kampane fann stad på 17 arenaer i 14 ulike byar. Italienaren Paolo Rossi vart toppskårar i turneringa med seks mål.
Remove ads
Fyrste runde
Gruppe 1
Gruppe 2
Gruppe 3
Gruppe 4
Gruppe 5
Gruppe 6
Remove ads
Andre runde
Gruppe A
Gruppe B
Gruppe C
Gruppe D
Remove ads
Finalen

VM-finalen mellom Italia og Vest-Tyskland fann stad på Santiago Bernabéu i Madrid om kvelden 11. juli, med 90 000 tilskodarar til stades. Etter ein mållaus fyrste omgang skåra Italia i det 12., 24. og 36. minutt av andre omgangen ved Rossi, Tardelli og Altobelli. Straks etter Italia sitt tredje mål, reduserte Paul Breitner for Vest-Tyskland.
Italia sitt meisterlag bestod av kapteinen Dino Zoff i mål, Gaetano Scirea, Claudio Gentile, Fulvio Collovati, Giuseppe Bergomi, Antonio Cabrini, Gabriele Oriali, Marco Tardelli, Bruno Conti, Paolo Rossi, Francesco Graziani. Graziani vart skadd og gjekk ut allereie i det 7. minutt, inn kom Alessandro Altobelli, som på side forlet bana i det 89. minutt til fordel for Franco Causio.
Mannskapet til Vest-Tyskland var: Harald Schumacher, Manfred Kaltz, Karlheinz Förster, Uli Stielike, Bernd Förster, Hans-Peter Briegel, Wolfgang Dremmler, Paul Breitner, Karl-Heinz Rummenigge, Klaus Fischer og Pierre Littbarski. Dremmler og ein småskadd Rummenigge forlet bana i det 62. og det 70. minutt, inn kom fyrst Horst Hrubesch og sist Hansi Müller.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Fußball-Weltmeisterschaft 1982» frå Wikipedia på tysk, den 23. juli 2015.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads