Pianokonsert nr. 24 av Mozart

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Pianokonsert nr. 24 i C-moll, K. 491, er eit concertante-verk for piano, eller pianoforte og orkester av Wolfgang Amadeus Mozart. Mozart komponerte konserten vinteren 17851786 og gjorde han ferdig den 24. mars 1786. Premieren var den 7. april 1786 i Burgtheater i Wien.[1]

Kjappe fakta Periode, Komponert ...

Konserten består av tre satsar:

  1. Allegro i c-moll
  2. Larghetto i ess-dur
  3. Allegretto (variasjonar) i c-moll

Det er skriven for fløyte, 2 oboar, 2 klarinettar, 2 fagottar, 2 valthorn, 2 trompetar, pauke og strykarar. Av pianokonsertane til Mozart har denne det mest komplette partituret.[2]

Konserten har lenge vorte rekna som eit av dei største verka til Mozart. Arthur Hutchings har skildra det som det mest «samla» av alle solokonsertane hans. Girdlestone hevda òg det var den største solokonserten. Ludwig van Beethoven fann stor inspirasjon for sin eigen musikk frå denne konserten.[3] Richard Strauss spelte sin eigen kadens for konserten i 1885.[4]

Konserten vart først publisert i delar i 1800. Manuskriptet med konserten ligg i dag i Royal College of Music.[5]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads