Picardie

From Wikipedia, the free encyclopedia

Picardie
Remove ads

Picardie er ein tidlegare region i Frankrike i den nordlege delen av landet. I 2016 blei han del av Hauts-de-France.

Kjappe fakta Land, Departement ...

Den moderne regionen Picardie var større enn den historiske provinsen med same namn.

Remove ads

Namn og kultur

Namnet på regionen er avleia av «picard», nemninga brukt av parisarar om alle bønder som heldt til nord for Senlisis og Valois (der bøndene i staden var «bûcherons»). I nord blei alle som ikkje snakka flamsk kalla picardar. Studentar frå regionen gjekk saman i lag som dei kalla «Nation Picarde» i Paris og Orléans.

I store delar av Picardie snakkar ein picard, ein eigen type fransk språk. Det hadde stordomstida si på 1200-talet, då det blei snakka i heile Picardie, bortsett frå i Oise og Aisne i sør, i tillegg til dagens moderne departement Pas-de-Calais, store delar av departementet Nord og noko av regionane Mons og Tournai i dagens Belgia. Ved byrjinga av 1800-talet hadde parisarfransk teke over. Picard var gått ut av bruk i dei sørlege regionane og blant betrestilte folk, og blei sett på som ein ukultivert bondedialekt.

Remove ads

Byar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads