Pierre Quinon
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Pierre Quinon (20. februar 1962–17. august 2011) var ein fransk friidrettsutøvar frå Lyon som tevla i stavsprang. Han vart olympisk meister i øvinga i 1984. Quinons personlege rekord var på 5,90 m og oppnådd i 1985, ti centimeter under den dåverande verdsrekorden.
Remove ads
Quinon sette ny verdsrekord i stavsprang 28. august 1983 i Köln, då han gjekk over 5,82 meter, ein centimeter høgre enn Vladimir Poljakov sin rekord. Hans tid som verdsrekordhaldar varte i berre fire dagar. Landsmannen Thierry Vigneron forbetra rekorden med eit hopp på 5,83 meter i Roma den 1. september
Quinon vart olympisk gullmedaljør i stavsprang under OL 1984 i Los Angeles. Han svinga seg over 5,75 m, ti centimeter høgre enn Mike Tully frå USA, som kom på andre plass. Earl Bell frå USA og Thierry Vigneron delte tredjeplassen med 5,60 m. Dette var einaste gongen Quinon hevda seg i dei store internasjonale meisterskapane.
Han la opp som som stavhoppar i 1993, og dreiv sidan i restaurantnæringa i Sør-Frankrike.
Quinon tok sitt eige liv i Hyères den 17. august 2011, 49 år gammal.[1]
Remove ads
- OL 1984 i Los Angeles: Gullmedalje - 5,75 m
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads