Piirissaar
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Piirissaar er ei øy i innsjøen Peipus i Estland og Tartu maakond.
Piirissar er den største øya i Peipus med ein storleik på 7,8 km². Ho ligg om lag 15 km frå munningen til elva Emajõgi, og berre 1-2 meter over havnivå.
Øya vart ført permanent busett under Den store nordiske krigen av ei gruppe ortodokse gamaltruande, som rømde frå dei religiøse reformene til patriark Nikon i Moskva og innskriving i militæret. Dei fleste av innbyggjarane på øya høyrer framleis til denne truvedkjenninga. Tyske Luftwaffe skapte store øydeleggingar på øya i februar 1944.
Tre landsbyar ligg på øya, Piiri, Saare og Tooni, og dannar kommunen Piirissaare. Folketalet har falle frå om lag 700 i 1920 til 86 i 2006. Dei som er igjen lever stort sett av fiske og dyrking av lauk.
Piirissaar har vore eit naturreservat og ein del av Natura 2000-planen sidan 1991.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Piirissaar» frå Wikipedia på tysk, den 29. mars 2007.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads