Pila

From Wikipedia, the free encyclopedia

Pila
Remove ads
Remove ads

Pila (frå latin Sagitta) er eit stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula. Sjølv om Pila er eit stjernebilete som vart namnsett alt i oldtida, har det ingen stjerner som er lysare enn 3. storleiksklasse og har det tredje minste arealet av alle stjernebilete (berre Folen og Sørkrossen er mindre). Det var av dei 48 stjernebileta som vart oppført av astronomen Klaudios Ptolemaios på 100-talet, og er i dag eit av dei 88 moderne stjernebileta. Det ligg nord for ekvator og er synleg alle stader på jorda utanom sør for den sørlege polarsirkelen.

Denne artikkelen handlar om stjernebilete. For øya i Antarktis, sjå Pila i Antarktis.
Meir informasjon Latinsk namn, Forkorting ...

Pila ligg innafor Mjølkevegen og grensar til Reven, Herkules, Ørna og Delfinen.

Thumb
Stjernebiletet Pila slik det er for det nakne auga.
Remove ads

Stjerner

Dei følgjande er lyssterke stjerner i Pila:

  • α Sge: òg kalla Sham, og er ei gul, lys kjempestjerne med spektralklasse G1 II 430 lysår frå jorda.
  • γ Sge: er ein kjølig kjempe (M0 III) som ligg 258 lysår frå jorda.
  • δ Sge: M2 II+A0 V
  • ε Sge: G8 III, eit stjernesystem med fire komponentar. Den eine komponenten er optisk.
  • η Sge: har spektralklasse K2 III.

Djupromsobjekt

  • M71 er ein særs laus kulehop og tidlegare trudd å vere ein tett open hop. Han ligg kring 13 000 lysår frå jorda og vart først oppdaga av den franske astronomen Philippe Loys de Chéseaux i 1745 eller 1746.

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Pila
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads