Piotr Leciejewski

From Wikipedia, the free encyclopedia

Piotr Leciejewski
Remove ads

Piotr Leciejewski (fødd 23. mars 1985) i Legnica, er ein polsk tidlegare fotballspelar som var målvakt.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Han er vorte skildra som ein vinnartype med eit sterkt konkurranseinstinkt,[1] og er mellom anna kjend for stor rekkevidd og reaksjonsevne, særleg evna til å redde straffespark.[1]

Remove ads

Karriere

Leciejewski starta karrieren sin i Górnik Łęczna, før han drog til Korona Kielce. Han kom til norsk fotball på lån til Sogndal i 2008 og debuterte for Sogndal i ein bortekamp mot Bryne i Adeccoligaen. Leciejewski vart henta inn fordi førstekeeper Terje Skjeldestad vart skadd. Etter å ha imponert for klubben vart overgangen gjort permanent og han vart ei viktig brikke då Sogndal rykte opp til Tippeligane før 2011-sesongen.[1] Leciejewski spelte tre sesongar og nesten 100 obligatoriske kampar for Sogndal.

Brann prøvde i lang tid å få tak i Leciejewski og han vart etter kvart klar for Brann i januar 2011 i ein bytehandel der Cato Hansen og Kenneth Udjus gjekk til Sogndal. Leciejewski fekk eit brot i fingeren under sesongoppkjøringa og det tok derfor noko tid før han fekk starte, og Håkon Opdal fortsette i Brann-målet. Då kontrakten til Opdal ikkje vart forlenga mot slutten av 2011, vart det klart at Leciejewski var tiltenkt rolla som førstekeeper for 2012. Han skreiv ny kontrakt med Brann i februar 2012 for perioden ut 2015-sesongen. Leciejewski vart skadd i skuldra i starten av sesongen, noko som gav reservekeeperane Jørgen Mohus og Øystein Øvretveit speletid i løpet av sesongen. Dei siste tre kampane stod Leciejewski over for å kvile skuldra. Trass i dette vart Leciejewski kåra til «Årets Brann-spelar» av supporerane Bataljonen, i tillegg til dei to lokalavisene Bergensavisen og Bergens Tidende.[2][3]

I bortekampen til Brann mot Lillestrøm i 2012 scora Erik Mjelde utan vilje då han skulle spele tilbake ballen som hadde vorte spelt utover sidelinja for at ein skadd spelar skulle få behandling. Brann-spelarane vart samde om at det ville vere mest «Fair Play» å la LSK få eit mål attende, men trass i at utespelarane til Brann let LSK få gå uhindra mot mål, prøvde Leciejewski å stoppe målet.[1]

Meir informasjon Sesong, Lag ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads