Piteraq

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Piteraq (grønlandsk for ‘noko som gjer overfall’) er ein kald og valdsam katabatisk vindGrønland som har opphavet sitt på grønlandsisen og som driv nedover mot austkysten. Han oppstår som regel når det hopar seg opp kald luft på innlandsisen som plutseleg blæs ned over kystområda.[1] Lufta stammar typisk frå Canada og blir kanalisert av isen mot Aust-Grønland, typisk mot den breie bukta sør for Tasiilaq. [2]

Piteraq-vindane er mest vanleg om hausten og vinteren. Vindsnøggleiken kan typisk nå 50 til 80 m/s, langt over grensa for orkan styrke, og kan oppstå svært plutseleg. 6. februar 1970 vart Tasiilaq hardt råka av ein særs kraftig piteraq som førte til stor skade. Sidan byrjinga av 1970-åra har Det danske meteorologiske instituttet sendt ut piteraqvarsel.

Sommarpiteraqar kan også vera alvorlege. I august 2010 blei ei gruppe kajakkroarar overraska av ein i fjordsystemet ved Scoresbysund.[3]

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads