Piz Roseg
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Piz Roseg er eit fjell i Berninafjella i Sveits med ei høgd på 3 937 meter over havet. Det er to toppar på hovudryggen. Den søraustlegaste er den høgaste, medan den nordvestlege toppen, kalla Schneekuppe er 3 920 m. Det finst òg ein topp på nordaustryggen kalla Roseg Pitschen på 3 868 m.
Schneekuppe vart først klatra av F. T. Bircham med guidane Peter Jenny og Alexander Fleury 31. august 1863. Det høgaste punktet på fjellet vart klatra to år seinare av Adolphus Moore og Horace Walker med fjellføraren Jakob Anderegg den 28. juni 1865.
Piz Roseg grensar til Piz Scerscen som ligg på andre sida av Porta da Roseg (3 522 m), som òg vert kalla Güssfeldtsattel.
Remove ads
Galleri
- Piz Roseg oppfor Val Roseg
- Piz Roseg oppfor Val Roseg
Kjelder
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Piz Roseg frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
- Collomb, Robin, Bernina Alps, Goring: West Col Productions, 1988
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads