Pjolter
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Pjolter er ein alkoholhaldig drikk som oftast er laga av billig druebrennevin (brandy) eller blended whisky, blanda med soda eller selters.

Foto: Kjetil Ree
Bakgrunn
Pjolter er eit særnorsk fenomen og var særleg populær i i Noreg frå 1920-talet og i nokre tiår etter andre verdskrigen. Drinken blir ofte tilskriven ein «P.J. Holter» som skulle ha vore bartender eller hovmeister på Grand Hotell i Oslo i mellomkrigstida og hadde vore i London og tatt med seg whisky og soda heim. Dette er truleg berre ei vandrehistorie. Drikken er omtalt allereie på 1880-talet, som ein «moderne Drik» kalla «pjaalter», i Morgenbladet.[1]
Namnet «pjolter» er dermed mest truleg av uviss tyding.[2] Ein «pjolt» eller «pjalt» er ei fille eller ein ynkeleg person. Omgrepet om å «slå sine pjalter saman» er kjent. Ein «pjolter» kan då vere ein samanblanda drikk av ynkeleg og simpelt innhald.
Remove ads
Samansetningar
- «Whisky-pjolter» er ei norsk nemning på whisky og soda.
- «Mahogny-pjolter» inneheld så lite blandevatn at drinken har den brune fargen til brennevinet.
- «Kongepjolter» er ingen pjolter, men ein cocktail av konjakk og champagne.
- «Pjoltergeist» er ei forvansking av det tyske ordet poltergeist (vanlegvis omsett med bankeånd) og gir ei slags forklaring på enkelte fenomen som opptrer i sansane til ein rusa person.
Remove ads
Sjå òg
- Pjolterglas
- Grogg
- Sjus
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads