Play av Jüri Pootsmann

From Wikipedia, the free encyclopedia

Play av Jüri Pootsmann
Remove ads

«Play» (norsk omsetjing ’spel‘) er ein song frå 2016 med Jüri Pootsmann. Songen vann den estiske songtevlinga Eesti Laul 2016 og var det estiske bidraget til Eurovision Song Contest 2016 i Stockholm.[1]

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Om songen

«Play» er skriven av Fred Krieger, Vallo Kikas og Stig Rästa, som saman med Elina Born representerte Estland i Eurovision Song Contest 2015 med songen «Goodbye to Yesterday».

«Play» var eitt av 24 bidrag i den estiske songtevlinga Eesti Laul 2016, arrangert av kringkastaren Eesti Rahvusringhääling (ERR).[2] «Play» kvalifiserte seg frå semifinalen 20. februar og vann seinare finalen 5. mars 2016 i Saku Suurhall i Tallinn. Gjennom sigeren blei «Play» det estiske bidraget til Eurovison Song Contest.[3][4]

Eurovision Song Contest

I januar 2016 blei Estland trekt til å delta i den fyrste semifinalen av Eurovision Song Contest.[5] Semifinalen blei arrangert i Globen i Sverige tysdag 10. mai, og Estland hadde startnummer 13.[6] «Play» enda sist i semifinalen, og kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen laurdag 14. mai.[7][8]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads