Plutark
From Wikipedia, the free encyclopedia
Plutark (gresk Πλούταρχος; fødd ca. 45, død ca. 120) var ein gresk historikar, biograf og essayist. Etter at han vart romersk borgar fekk han namnet Lucius Mestrius Plutarchus (Λούκιος Μέστριος Πλούταρχος).
Plutark | |
![]() | |
Statsborgarskap | Romarriket |
Fødd | ca. 46 Kherónia i Viotía |
Død | |
Yrke | Biograf, essayist, filosof, prest, ambassadør, magistrat |
Kjende verk | Moralia, Livsskildringar med samanligning |
Språk | latin, gamalgresk |
Påverka | William Shakespeare[1], Ralph Waldo Emerson[2], Michel de Montaigne[3][4] |
Ektefelle | Timoxena |
Plutark på Commons |

Han var fødd i den vesle byen Kherónia i den greske regionen kjend som Viotía, truleg under styret åt den romesrske keisaren Claudius. Plutark reiste mykje i området ved Middelhavet, mellom anna to gongar åt Roma. Han hadde fleire innflytelsesrike romerske venar, mellom andre Soscius Senecio og Fundanus, båe viktige senatorar. Plutark har dedikert skrifter åt båe. Han levde mesteparten av livet sitt i Kaeronea. Der var har den øvste av dei to prestane åt Apollon ved orakelet i Delfi, men brukte tydelegvis lite tid på pliktane som prest. Plutark levde eit aktivt sosialt og borgerleg liv og produserte ei svært stor mengde skrifter. Mange av dei er fortsatt intakte.
I Vita parallelae (Livsskildringar med samanlikgning) skriv han biografiar om parvis grupperte kjende romarar og hellenarar, som «Aleksander og Cæsar». I Moralia, ei samling på 78 essay, drøfter han dei fleste spørsmål. Der finn ein mellom anna «Om Isis og Osiris», som er den einaste samanhengane versjonen av Osirismyta, ei sentral kjelde åt egyptisk gudelære og den fyrste kjende refleksjonen om høna og egget.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.