Polabisk

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Polabisk (venskă rec[1]) er eit utdøytt vestslavisk språk frå den lechitiske greina som vart brukt frå 600-talet[2] til midten av 1700-talet[3] i områda som i dag utgjer den nordaustlege delen av Tyskland. Språket hadde mange felles særdrag med pommerske talemål og polsk, men isolasjon av den polabisktalande befolkninga førte til store dialektskilnader. Polabisk hadde heller ikkje eit standardisert skriftspråk. Det kunne skrivast med det latinske alfabetet, men tekstuelle bevis er faktisk ganske få: hovudsakleg korte ordlister med omsetjing til tysk. Dei to lengste tekstane – Herres bøn og folkevisa «Fuglebryllaup» vart skrivne ned av tyskarar då språket allereie var døyande, difor er dei fulle av tyske lånord[2].

polabisk
(venskă rec)
Klassifisering: indoeuropeiske språk
 slaviske språk
  vestslaviske språk
   lechitiske språk
    polabisk
Bruk
Utdøydd: 1700-talet
Språkkodar
ISO 639-2: sla
ISO 639-3: pox

Mangel på skriftstandarden og isolering av dialektar frå einannan og frå andre slaviske språk førte til stor grad av språkleg innovasjon, medan utsetjing for fortysking ligg bak leksikalsk utarming. Dette hadde til fylgje fleirtydigheit i vokabular, til dømes ordet zaīvët (< frå urslavisk *živòtъ) tydde både 'kropp' og 'mage', medan rånü (< frå urslavisk *ráno) tydde 'morgon', 'tidleg' og 'snart'.[1]

Remove ads

Referansar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads