Polarreddik

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Polarreddik (Eutrema edwardsii) er ein planteart i polarreddikslekta i krossblomfamilien. Han har sirkumpolar utbreiing og finst i Noreg, Russland, Mongolia, Alaska og Canada og på Grønland.[1] I Noreg er han blitt observert på Svalbard, i Tromsø og Nordland.[2]

Kjappe fakta

Polarreddik veks på tundra, i åssider og urer og ved breidda av bekkar og i våtområde.[1] Forma til planten kan variera mykje etter vekststad, og ein plante frå til dømes Norden kan skilja seg mykje frå ein frå Alaska.[3]

Planten blir 8–30 cm høg.[3] Blada er lanseforma eller smalt eggforma, 9–35 mm lange og 4–25 mm vide.[3] Han har blomestander som inneheld 6–14 eller fleire blomar. Han har fire kvite kronblad som er 3,2–4,5 mm lange og 1,3–1,7 mm vide og fire lilla begerblad som er 1–1,3 mm lang og 1,5–2,3 mm vide.[3]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads