Porselen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Porselen er eit sterkt, vanlegvis kvitleg keramisk materiale som blir brukt i samanhengar der ein treng eit hardt, solid og formbart materiale. Det er motstandsdyktig mot kjemisk påverking og varmesjokk, og kan minna om glas fordi det er gjennomskinneleg og skjørt. Porselen blir som oftast laga ved at ein varmer leiretypen kaolin og knust feltspat, ein type stein, til temperaturar mellom 1 200 °C og 1 400 °C i ein keramikkomn. Ein finn særleg porselen i servise, baderomsmøbel, fliser, som falske tenner og som elektrisk isolator.

Foto: ほくなん

Foto: Andreas Praefcke
Namnet porselen kjem frå likskapen til kauri-skjel, på eldre italiensk porcellana, 'som ei lita purke (gris)'.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Porselen» frå Wikipedia på bokmål, og «Porcelain» frå Wikipedia på engelsk den 19. mars 2008.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads