Portal
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ein portal (frå mellomalderlatin portale, 'byport, forhall', av latin porta, 'dør, port')[1][2] er ein forseggjort eller framståande og rikt utsmykka inngang til ein monumental bygning som ei kyrkje, tempel, rådhus eller slott.[3][4] Han kan også vera ein frittståande æresport.[1]
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå nettportal.
Portalar kan ha dører, portar eller fallgitter i opninga for å kontrollera tilkome eller utgang. Overflata rundt opninga kan vera enkelt utforma eller dekorert med utsmykning. Særleg i renessansen og barokken kunne slike portalar vera rikt utsmykka. Nemninga i seg sjølv indikerer eit byggverk som ber noko over seg, til dømes ein arkivolt og/eller eit tak. Portalar er ofte, men ikkje alltid, utforma med dekor, til dømes skulpturelle innslag. Spesielt var dette vanleg i romansk arkitektur, gotikk og i stavkyrkjer. Moderne portalar kan ha til dømes ha postmodernisme dekor.
Døme på opne portalar (portalar utan dører) i arkitekturen er portalar inn mot gamle opne stadionanlegg og liknande byggverk. Døme på lukka portalar er portalar i kyrkjebygg, kjøpesenter og anna.
Remove ads
Galleri
- Portalen i Stavanger domkyrkje med doble dører.
- Puerta del Estadio Nacional har dekor av massiv stein.
- Postmoderne portal frå 1997 teikna av Aldo Rossi, ei nytolking av renessansen.
- Portalen i domkyrkja i Chartres.
- Kyrkja São Martinho de Cedofeita ved Porto i Portugal.
- Portalen i kyrkja Hronský Beňadik i Ungarn
- Barokkportal i eit privat palass i Brescia i Italia
- Barokkportal.
- Dekorasjon på ein gotisk portal ved domkyrkja i Metz i Tyskland.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads