Power av Kansas

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Power er det tiande studioalbumet til det amerikanske rockebandet Kansas, gjeve ut i 1986. Det var det første studioalbumet deira for MCA Records.

Meir informasjon Kansas-kronologi, Singlar frå ...

Eitt og eit halvt år etter Kansas vart oppløyst mot slutten av Drastic Measures-turneen, kom den tidlegare songaren Steve Walsh attende og starta opp att Kansas i lag med dei originale medlemmane Phil Ehart og Rich Williams. Gitaristen Steve Morse, som vart invitert med av Ehart etter at dei to hadde møtt kvarandre på ein konsert i Atlanta, bidrog mykje til låtskrivinga og stilen til den nye besetninga. Bassgitaristen og vokalisten Billy Greer, som hadde arbeidd med Walsh i det kortvarige bandet Streets etter han forlet Kansas i 1981, fullførte den nye besetninga. Det nye Kansas byrja å øve i lag i juli 1985, då Walsh var ferdig med ein turné som musikar for Cheap Trick. Dei gav ut Power året etter.

Det vart laga musikkvideo for singelen «All I Wanted», med forskjellige klipp av kvinner som går og smiler. Berre Walsh og Morse frå bandet var med i videoen. Songen vart miksa av produsenten Humberto Gatica, og vart ein topp 40-hit i USA. Dei neste singlane, «Power» og «Can't Cry Anymore», gjorde det langt dårlegare, men førstnemnde er den siste singelen til Kansas som gjekk inn på Billboard Top 100-lista. Det vart laga ein video med komikaren Richard Belzer for «Can't Cry Anymore».

Remove ads

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Xavier Russel skreiv for Kerrang! og kalla den pompøse stilen til Kansas «særs utdatert» og trass i eit par bra rockesongar som «Musicatto», var andre songar «pinlegare enn det som er mogeleg å tenkje seg».[2] AllMusic skreiv at den dramatiske, musikalske endringa til Kansas, var «meir hardrock og pop enn progrock», som «truleg overraska langvarige Kansas-fans» men gav bandet «ei interssant, men til sjuande og sist, kortvarig, ny retning.»[1]

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Steve Morse og Steve Walsh, utanom der andre er nemnde.

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Kansas
Andre medverkande
  • The Philarmonia Orchestra arrangert og dirigert av Andrew Powell
  • Gary Chang - klaverinstrument-programmering
  • Travis Bradford, Jerome Olds, Rob Henson, Yonrico Scott, Merle McLain, Doug Baker, Solomon Olds, Cliff Jones - korvokal
Produksjon
  • Andrew Powell - plateprodusent
  • Nigel Walker - lydteknikar, miksing i Jacobs Studio, Farnham, England og Lion Share Studios, Los Angeles
  • Mike Sheady - lydteknikar for orkesteret
  • Humberto Gatica - miksing av «All I Wanted»
  • Keith Odle, Lance Philips, Darrin Goodwin - assisterande lydteknikarar
  • George Marino - mastering i Sterling Sound, New York
  • Andy Engel - design, illustrasjon

Salslister

Meir informasjon År, Liste ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads