Prærielauk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Prærielauk (Allium cernuum) er ei fleirårig plante i laukslekta i påskeliljefamilien som høyrer naturleg heime i Nord-Amerika.

Prærielauk har ein ikkje-lagdelt, slank, konisk lauk som gradvis smalnar til fleire kjølforma gras-liknande blad (2–4 mm breie). Kvar mogen lauk har ein einskild blomsterstengel, som sluttar i ein nikkande skjerm med kvite eller rosa blomstrar. Prærielauk blomstrar i juli-august. Blomstrane mognar til kuleforma, furete frukt som seinare opnar seg og frigjer mørke skinnade frø. Planta har ikkje smålauk i blomsterstanden.

Planten veks i tørr skog, steinrøyser og på prærien. Han finst naturleg i Nord-Amerika frå New York til British Columbia sør til Virginia og Kentucky og sør i fjella. Lauken kan etast og har ein sterk lauksmak. Prærielauk blir også brukt som prydplante.
Allium cernuum form major har større planter større blomstrar enn normalarten.
Remove ads
Varietetar og sortar
- Allium cernuum Roth var. neomexicanum (Rydberg) McBride
- Allium cernuum Roth var. obtusum Cockerell ex McBride
- Allium cernuum «Pink Giant»
- Allium cernuum album
Synonym
- Allium neomexicanum Rydberg
- Allium recurvatum Rydberg
Galleri
- Botanisk illustrasjon av Mary Vaux Walcott
- Blomar
- Hangande blomar
- Nærbilde av blomar
- Kvite blomar
Bakgrunnsstoff

- USDA PLANTS Profile
- Plants For A Future
- Flora of North America
- PlantFiles
- Illinois Wildflowers
- Vascular Plants of the Gila Wilderness
- Stephens salat ved Hageselskapet. Salatoppskrift med mellom anna prærielauk.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads