Premuda

From Wikipedia, the free encyclopedia

Premuda
Remove ads

Premuda er ei lita øy i Adriahavet i Kroatia. Ho høyrer til dei nordlege dalmatiske øyane, og ligg nordvest for byen Zadar. Premuda er om lag 10 km lang, og har eit areal på 9,2 km². Ho ligg sørvest for øyane Silba og nordvest for Škarda. Administrativt høyrer Premuda til kommunen Zadar i Zadar fylke.[2][3]

Kjappe fakta Geografi, Administrasjon ...
Remove ads

Landsbyen Premuda har vel 50 innbyggjarar, men dette talet aukar mykje på sommaren. I landsbyen dyrkar ein oliven og avlar sauer, og dei siste åra har turismen på øya auka. Det ligg tre restaurantar på øya.

Premuda er ein populær stad for dykkarar, og har nokre svært populære dykkestader. «Katedrala» er eit system av grotter med vakkert lys som skin gjennom det porøse taket i grottene. Ein annan populær dykkestad er vraket av det austerriksk-ungarske slagskipet Szent István, som ligg på eit djup omkring 40-60 meter og derfor berre tilgjengeleg for erfarne dykkarar.

Remove ads

Folketal

Folketalet på øya ved dei siste folketeljingane var:

Meir informasjon Folketal 2001, Folketal 2011 ...

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads